Plutseleg vart det vinter, skriv Arvid Hatledal i Turløyper Stryn AS til smp.no.

– Ca. 35 cm snø ved Holsetra og 0 grader. Kan sjå ut som det vil snø litt i helga, skriv Hatledal fredag.

No har dei preparert strekninga Ullsheim - Holsetra - Tonningsetra - Tverrfjellet.

Og om det blir meir snø, vil dei prøve å preparere ned til skisenteret.

Snø fleire stader

Hornindal skisenter har på sine Facebook-sider lagt ut eit bilete frå Storesætra.

– 60 cm snø og flotte løyper. Vi har no laga langrennsspor rundt Grendadalen og over elva tilbake til skisenteret. Preparert for skøyting i lysløypa, skriv dei laurdag.

På Strandafjellet er lysløypa preparert og lysa står på til klokka 22, opplyser ein tipsar.

Fra Arena Overøye Stordal blir det meldt om 53 cm snø siste veke, ifølgje fnugg.no søndag.

Oversikt over løyper

På sidene til skisporet.no kan du sjå løyper som er preparert.

Delar av lysløypene på Fjellsætra i Sykkylven skal vere preparert, ifølgje nettstaden.

Også lysløypa ved Ørsta Skisenter er oppdatert.

Bjorli

På Bjorli vert det laurdag klokka 17.30 meldt om -2 grader og snø. Ifølgje nettstaden skiinfo.no er det no 15 cm snødybde der.