Skoa vert kibba av før vi går inn i styrhuset. Her er skipsgolvet for stovegolv å rekne. Fint og reint.

Fartøyet liknar mest av alt på eit hypermoderne offshoreskip, berre i mindre skala.

Server 26 anlegg

– Det meste av utviklinga innan servicefartøy har skjedd i løpet av dei siste fem åra. Gamle lørjer er bytta ut med hypermoderne fartøy som dette, fortel skipperen som totalt har 15 års fartstid på sjøen.

Arbeidsbåt Frøy Harvest er ein hypermoderne servicebåt som i fem år framover skal serve Marine Harvest sine sjøanlegg i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Laurdag er det båtdåp. Frøy Harvest skal dei neste fem åra ha base på Sunnmøre og jobbe i tilknyting til dei ca. 26 sjøbaserte oppdrettsanlegga som Marine Harvest har i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Spekka med utstyr

Båten er spekka med utstyr som gjer operasjonane trygge og effektive. I styrhuset er det mange skjermar der dei mellom anna overvakar det ubemanna maskinrommet og filmar ankerhandteringsoperasjonar.

Bjørdalsbakke Saure set seg i kontrollstolen. Herifrå styrer dei også kran og vinsj.

Operasjonar under vatn

Dette er utstyr som blir brukt når ein skal skifte nøter, drive med ankerhandtering, styre ROV-en når den skal inspisere og gjere arbeid under vatn.

Store djup

– Det er ikkje uvanleg at vi legg anker på 300–500 meters djupn, fortel Bjørdalsbakke Saure. Nyleg kom dei frå Sognefjorden der dei opererte på ei djupne på heile 1260 meter og med eit strekk på intet mindre enn tre kilometer med tau.

ROV – ROV-en har 1000 meter med kabel, fortel operatør Håvard Hagen. Frå v. skipper Halvard Bjørdalsbakke og styrmann Kristoffer Fjørtoft.

– Vi har også Follow Target funksjon som gjer at vi kan følgje ROV-en, fortel den andre ørstingen om bord, Håvard Hagen (30). Han fungerer både som maskinpassar, matros og ROV-operatør.

– ROV-en har 1000 meter med kabel og kan brukast til inspeksjon og forskjellige arbeidsoppgåver under vatn, som boring i fjell og bolte, bøte nøter, kutte tau, plukke opp tau, den kan spyle under høgtrykk, til dømes reinske fortøyingar for groe, fortel han.

Mannskap på fem

Oppgåvene går litt på omgang for mannskapet på fem. Det kan godt hende at skipperen av og til fungerer som kokk. Elles er Hans Joachim Liland (29) frå Selje kokkekyndig matros, Kristoffer Fjørtoft (24) frå Fjørtofta er styrmann og Espen Frey (18) frå Frei er lærling.

I kontrollstolen Skipper Halvard Bjørdalsbakke Saure i kontrollstolen der han kan fjernstyre det meste. Saman med Håvard Hagen som både passar maskin, er matros og ROV-operatør.

Dei går i ein turnus på tre veker på og like lenge av og er supernøgd med arbeidsplassen sin.

– Bufasilitetane er gode og bidrar til høg trivsel og HMS faktor, påpeiker Hagen.