(les brevet frå Mafoss og Maritimt Forum og heile forslaget fra fylkesrådmannen til høgre - under om du les på mobil)

I forslaget til budsjett og økonomiplan for Møre og Romsdal fylkeskommune dei neste åra, ligg det store kutt til forsking og utvikling. Allereie neste år blir det foreslått å fjerne ei av fire kroner til formålet – 14 av 59 millionar. I åra til 2021 foreslår fylkesrådmannen å barbere vekk heile tre firedelar av potten.

– Dette er ille for heile fylket og eit heilt ulogisk forslag. Det er dramatisk for dei moglegheitene til næringsutvikling som ligg i havet, meiner Terje Høybakk i Mafoss (Maritim forening for Søre Sunnmøre) og Arnfinn Ingjerd i Maritimt Forum Nordvest.

Saman har dei sendt brev der dei rår fylkespolitikarane «på det sterkaste til ikkje å redusere ramma til forsking og utvikling i komande planperiode».

– Nedbygging av senteret

Runde Miljøsenter er mellom dei som kan bli hardast råka. Mafoss og Maritimt Forum framhevar senteret som ein spesielt viktig medspelar for havbasert forsking i regionen.

– Det er i havrommet ein finn dei viktigaste framtidsnæringane i fylket og dei næringane med størst potensial. Da blir det for oss eit paradoks å lese forslaget til økonomiplan, heiter det.

Samstundes er organisasjonane svært nøgd med framleis satsing på det maritime klyngesenteret, GCE Blue Maritime.

– Ikkje gjennomtenkt

For miljøsenteret på Runde inneber forslaget eit kutt på minst 1,5 millionar kroner av eit årleg budsjett på kring 10 millionar.

– Det verkar ikkje gjennomtenkt og står i stor kontrast til trenden i tida, der kunnskap om havet står sentralt for næringsutvikling, seier dagleg leiar Nils-Roar Hareide til Sunnmørsposten.

Fylkesrådmannen vil heilt fjerne dei øyremerka midla til sentera for fornybar energi på Runde, Smøla og Tingvoll, og rår dei til å kjempe om regionale utviklingsmidlar i staden.

Bølgekraftverket på Runde blei opna av kong Harald i haust. Arkivbilde Foto: Staale Wattø.

Må kutte formidling

Dei siste åra har miljøsenteret laga utstillingar og andre arrangement der skular og andre kjem på besøk, i tillegg til foredragsseriar med aktuelle tema.

Hareide trur eit kutt vil gå verst utover denne verksemda.

– Desse samfunnsoppgåvene må vi truleg kutte ut, og heller konsentrere oss meir om det vi tener pengar på. Men eg oppfattar at oppdraget vårt er å drive formidling, i tillegg til å bygge opp forskingsmiljøet og nye arbeidsplassar, seier Hareide.

Han meiner fylket taper kampen om kunnskapsarbeidsplassar og at dette er ein av dei store utfordringane ein står overfor dei næraste åra.

– Stor verdi

Senterleiar Hareide seier oppgåvene med næringsutvikling har blitt større dei siste åra, og at det heng saman med miljøovervaking, fordi ein ofte nyttar same teknologi. Dei har jobba med fjernstyrte undervassfarkostar, oppmåling av havbotnen og bølgjekraftverket som blei opna av kong Harald tidlegare i haust.

– Dei hadde ikkje komen hit om ikkje vi var her og jobba med dette. Vi meiner det har ein stor verdi å ha eit miljø med så mange folk med høg kompetanse på sjø og havet. Det er ikkje mange plassar ein har slikt ute i distriktet, seier han.