Ei kvinne og ein mann blei brakt med luftambulanse til sjukehus etter ein kollisjon på E39 i Ørsta tidleg måndag. Alle naudetatane rykte ut til ulukka som skjedde sør for Barstadvik ved 9-tida.

Måndag ettermiddag opplyser Ålesund sjukehus at begge to slapp frå ulukka med lettare skader.

Bil delt i to

Kvinna sin bil fekk skader i fronten, medan mannen sin bil blei delt i to.

Politiet har førebels få opplysningar om korleis ulukka skjedde, men etter det smp.no forstår, skal det dreie seg om ei møteulukke.

Glatt føre fleire stader

E39 var stengt ei stund etter ulukka, og det oppstod lange køar på kvar side av ulukkesstaden. Det skal ha vore tidvis glatt føre med slaps på vegen der ulukka skjedde, ifølgje bilistar.

Operasjonsleiar Tor-André Gram Franck hos politiet i Møre og Romsdal fortel at dei har fått melding om ei rekke ulukker på vegane tidleg måndag.

– Bilistar må avpasse farta etter forholda. Og om du er utrusta med sommerdekk no, så bør ein vurdere nøye om det er rett  køyre ut på vegane, seier han til smp.no.

Krasj og utforkøyring

I tillegg til fleire utforkøyringar og ulukkar, fekk politiet tidleg måndag melding om underkjølt regn på E39 i Brusdalen.

I Valldal måtte ein person til legevakt etter ein kollisjon mellom to bilar, og  om lag på same tid blei det meldt om ein bil som hadde køyrt utfor vegen ved Valle i Skodje.

Også lengre nord i fylket skjedde fleire uhell i trafikken tidleg måndag, melder politiet i Møre og Romsdal via sin Twitter-konto.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)

Smp.no følgjer saka