Delar av vraket låg slik på oppsida av vegen etter ulukka. (Foto: Smp.no-tipsar)

Delar av vraket låg slik på oppsida av vegen etter ulukka. Foto: Smp.no-tipsar

Berre frontpartiet stod att i vegbana på E39 etter kollisjonen. (Foto: Per Arne Knardal)

Berre frontpartiet stod att i vegbana på E39 etter kollisjonen.Foto: Per Arne Knardal

Det var slaps og tidvis glatt føre på staden der dei to bilane kolliderte tidleg måndag. (Foto: Kenneth Flem)

Det var slaps og tidvis glatt føre på staden der dei to bilane kolliderte tidleg måndag. Foto: Kenneth Flem

Luftambulanse blei rekvirert til ulukka på E39 i Ørsta, men begge dei involverte slapp med lettare skader. (Foto: Terje Engås)

Luftambulanse blei rekvirert til ulukka på E39 i Ørsta, men begge dei involverte slapp med lettare skader. Foto: Terje Engås

Det var lange køar på begge sider av ulukkesstaden etter kollisjonen. (Foto: Anne-Mari Tomasgard)

Det var lange køar på begge sider av ulukkesstaden etter kollisjonen.Foto: Anne-Mari Tomasgard

1 / 5

Kollisjon på glatt føre på E39:

Lettare (!) skadd etter at bilen blei delt i to

Den eine bilen i ulukka på E39 i Ørsta blei delt i to - men sjåføren slapp med lettare skader. Politiet åtvarar om glatt føre fleire stader.

Ei kvinne og ein mann blei brakt med luftambulanse til sjukehus etter ein kollisjon på E39 i Ørsta tidleg måndag. Alle naudetatane rykte ut til ulukka som skjedde sør for Barstadvik ved 9-tida.

Måndag ettermiddag opplyser Ålesund sjukehus at begge to slapp frå ulukka med lettare skader.

Bil delt i to

Kvinna sin bil fekk skader i fronten, medan mannen sin bil blei delt i to.

Politiet har førebels få opplysningar om korleis ulukka skjedde, men etter det smp.no forstår, skal det dreie seg om ei møteulukke.

Glatt føre fleire stader

E39 var stengt ei stund etter ulukka, og det oppstod lange køar på kvar side av ulukkesstaden. Det skal ha vore tidvis glatt føre med slaps på vegen der ulukka skjedde, ifølgje bilistar.

Operasjonsleiar Tor-André Gram Franck hos politiet i Møre og Romsdal fortel at dei har fått melding om ei rekke ulukker på vegane tidleg måndag.

– Bilistar må avpasse farta etter forholda. Og om du er utrusta med sommerdekk no, så bør ein vurdere nøye om det er rett  køyre ut på vegane, seier han til smp.no.

Krasj og utforkøyring

I tillegg til fleire utforkøyringar og ulukkar, fekk politiet tidleg måndag melding om underkjølt regn på E39 i Brusdalen.

I Valldal måtte ein person til legevakt etter ein kollisjon mellom to bilar, og  om lag på same tid blei det meldt om ein bil som hadde køyrt utfor vegen ved Valle i Skodje.

Også lengre nord i fylket skjedde fleire uhell i trafikken tidleg måndag, melder politiet i Møre og Romsdal via sin Twitter-konto.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)

Smp.no følgjer saka

 
Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

– Såpeglatt og livsfarlig:

– Glatte veger over alt

Flere biler har kjørt av vegen. På E39 ved Plantasjen har to biler kollidert, opplyser politiet.

Låveveggen tatt av stormen

– Det må ha danna seg ein ekstrem vind

– Det ser nesten ut som ein eksplosjon, seier Jan Arve Skåravik, som eig det tidlegare småbruket ved Vatnefjorden.

Fem går videre i Ungdommens musikkmesterskap

– Kjekt å se spillegleden

Fem unge klassiske musikere går direkte videre til det nasjonale mesterskapet i januar.