Sunnmøre tingrett. Illustrasjonsbilde
            (Foto: Stig Vågnes)

Sunnmøre tingrett. IllustrasjonsbildeFoto: Stig Vågnes

Mann dømd til fengsel

Familie levde fleire år i terrorregime

Familiefaren utsette kone og barn for vald og psykisk mishandling i fleire år. No er hand dømd til eitt år og fire månader i fengsel.

Sjølv om det ikkje er tale om grov fysisk vald, levde kona og eldste barnet fleire år i eit regime, der dei aldri kunne slappe av på grunn av frykt for tiltalte sitt sinne, ifølgje dommen frå Sunnmøre tingrett.

Retten brukar også ordet terror når dei skildrar familiefaren sin handlemåte.

Bevis på overvakingskamera

Ifølgje dommen var kona prisgitt mannen både når det gjaldt økonomi og kjennskap til landet dei flytta til for nokre år sidan. Ho levde i eit avhengigheitsforhold som gjorde det ekstra vanskeleg å opponere mot mannen.

Det eldste barnet levde med faren sitt regime i heile ungdomstida, medan den yngst har levd med det heile livet. Det yngste barnet har ifølgje retten sett valdshandlingar mot sine nærmaste på nært hald, noko retten meiner må ha vore skremmande.

Ein slik episode er også fanga på eit overvakingskamera i ein butikk.

Truga med brødkniv

Kona blei fleire gongar truga med at mannen ville drepe eller skade henne, men også at han ville sende henne tilbake til heimlandet og skade omdømet hennar.

Ein gong henta han ein brødkniv og sa han skulle drepe henne. Og kona blei jamleg utsett for vald i åra frå 2011 til 2017, ifølgje dommen.

Må betale erstatning

Familiefaren i 40-åra er dømd til fengsel i eitt år og fire månader. Tolv dagar i varetekt går til frådrag i straffa.

Han må også betale til saman 210.000 kroner i oppreisingserstatning til kvinna som no er ekskona, og dei to barna.

Mannen har erkjent delvis straffskuld, noko retten legg vekt på i formildande retning.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå