Regional- og næringsutvalet i Møre og Romsdal vedtok i måndagens møte å legge inn igjen løyvinga til Runde miljøsenter, som var forslått stroke frå neste års budsjett.

Etter eit framlegg frå Ap, SV, Sp og Nordmørslista blei det lagt inn fleire tiltak som var foreslått stroke frå potten til forsking og utvikling.

Les også: Forslag om store kutt til forsking i fylkeskommunen (for abonnentar)

Utvalet ber også om ei eiga sak der ein ser nærare på behovet desse sentera har for ei føreseieleg støtte frå fylkeskommunen.

Éin million på statsbudsjettet

I tillegg løyver SV sentralt éin million kroner ekstra til Runde milljøsenter over sitt alternative statsbudsjett, ifølgje ei pressemelding frå partiet.

Fylkespolitikar Yvonne Wold (SV). Arkivbilde Foto: Staale Wattø

– Om vi ikkje får vedtatt helle budsjettet, håpar eg at vi kan få med delar av det. Og eg oppfattar at det er tverrpolitisk einigheit om at det no er viktig med forsking på havrommet  og næringsutvikling, fortel Yvonne Wold (SV) i utvalet til smp.no.

Ho seier det no er viktig at forslaget frå utvalet kjem heilskinna gjennom den politiske behandlinga til eit endeleg vedtak i fylkestinget 12. desember.

Jobbar tverrfagleg

Partiet påpeiker at det har vorte auka merksemd kring sjøfugl og kystøkologi dei siste åra, og meiner ei årleg bevilling til senteret på to millionar kroner over statsbudsjettet har bidrege til dette.

– Noko av det unike med Runde miljøsenter er at dei samarbeider på tvers av profesjonar, og at dei knyter kontaktar mellom universitet, forskingsinstitusjonar og aktørar innanfor marine og maritime næringar på Nordvestlandet, heiter det i pressemeldinga frå SV.