Det fortel hellesylt.info, som legg til at kvart år kjem det vekk 3–400 ender etter sleppet.

Målet: Å gå rundt

– Målet for arrangøren av Hellesyltdagane er at det skal gå rundt økonomisk. Vi har ikkje som mål å få stort overskot, men at lag og organisasjonar skal få igjen litt til lagskassene sine, sa Svein Sporstøl på oppsummeringsmøtet denne veka. Men resultatet i år vart altså 51.000 kroner i minus.

Treng kvilepause

På det same møtet fortalde Sporstøl at alle i arbeidsgruppa for Hellesyltdagane no ønskjer seg eit kvileår, og at det difor er behov for avløysing.

Men ingen grunn til uro: Hellesyltdagar blir det også neste år – frå 6. til 8. juli, legg nettstaden til.