Kritisk Teknisk seksjonsleiar Rolf-Magnus Sundgot i Ørsta kommune meiner det er svært uheldig at kommunen må koste nye gatelys langs vegar som fylket og staten eig.

Dette seier teknisk sjef Rolf-Magnus Sundgot i Ørsta kommune til Sunnmørsposten. Han har sett seg ekstra grundig inn i problematikken kring gatelys, etter at dette bokstaveleg tala har vorte ein stor problematikk nettopp i Ørsta kommune.

Det var tidlegare ordførar Hans Olav Myklebust (Frp) som reiste eit grunngjeve spørsmål til ordførar Stein Aam (Sp). Myklebust viste mellom anna til at ei strekning med heile 20 lyspunkt gjennom sentrum av Vartdal har vore totalt mørklagd i fleire veker. Myklebust har undersøkt også andre stader i kommunen, og funne liknande tilstandar.

Lyskrav frå staten

Hans Olav Myklebust seier det ein samansett problematikk kring drifta av gatelys.

Opplyst Hans Olav Myklebust (Frp) til venstre, har kravd full politisk opplysning kring saka om langvarig sløkte gatelys. Her får han orientering i formannskapet sist måndag.

– Statens vegvesen har heilt konkrete krav til lysstyrke og kvalitet på sine riksvegar og europavegar. Der kommunane ikkje har teke kostnaden med å oppgradere lyspunkta til slik standard, nektar staten å ta drifts- og vedlikehaldsansvaret opplyser Sundgot. Han fortel at det same gjeld for fylkeskommunale vegar.

– For ein kommune som Ørsta, med ekstremt lange strekke med fylkesveg, vert dette svært urimeleg, synest Sundgot. Han set no sin lit til at det er reist ei sak om nettopp dette spørsmålet i fylkeskommunen, men at det ikkje er avgjort noko enno.

Protesterer mot tapping av innsjø: Kjemper for vatn og verdiar på Vartdal

Mørket frå Robek

– For Ørsta kommune, med fleire år i Robek bak seg, har det vore svært vanskeleg å kunne prioritere nok midlar til gatelys. Det vil verte snakk om mange millionar kroner.

– På same tid er det vel få ting som er viktigare enn den trafikksikringa det gjev å ha fullgod gatebelysning. I mange tilfelle manglar fylkesvegane våre både sykkel/gangveg og lys. Då er situasjonen ekstra uheldig konstaterer Sundgot. Han viser til at det nyleg skjedde ei dødsulukke der ein fotgjengar vart påkøyrd av bil ved fylkesveg 55 gjennom Åmdalen.

– Det er svært trasig å tenkje på at dette skjedde nettopp på ein stad som altså manglar det meste, seier Sundgot.

I formannskapet kunne han opplyse at det tidlegare var e-verka og seinare Tussa som stod for pass av gatelysa.

– Seinare vart det Mørenett, og no til sist BKK Enotek AS. Dette kan vere noko av forklaringa på den langvarige mørklegga på Vartdal. Men først og fremst er her viktige kostnads- og ansvarsprinsipp som må avklarast, stadfestar Sundgot.