E39 ved Rjåneset i Ørsta er stengd etter at eit steinras har gått over vegen. Deler av raset har treft ein bil, og første melding gjekk ut på at det ikkje var personskade.

Seinare er det klart at ei kvinne i 30-åra er lettare skadd.

Fire i bilen

Operasjonsleiar Kenneth Sætre ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal opplyste til smp.no torsdag morgon at det var det fire personar i bilen som blei treft av raset.

Det var først opplyst at alle fire kom uskadde frå hendinga og var tekne hand om på Vartdal-sida av raset.

Seinare kom Helse Møre- og Romsdal med pressemelding der det blei opplyst at ei kvinne i 30-åra blei lettare skadd i ulukka. Dei tre andre er utskrivne frå sjukehuset.

Politiet er sikre på at det ikkje var andre i raset.

Smp.no sin reporter på staden, journalist Knut Arne Aarset, snakka med ein mann som køyrde bilen som kom nummer to etter raset. Han fortel at han greidde å bremse opp og unngjekk raset.

Bilen framfor blei treft av til dels store steinar, ifølgje vitnet.

Sjåføren i bilen som unngjekk raset fortel også at bilen som blei treft blei ståande fast i raset.

Opplysningar som Møre-Nytt har fått frå augevitne er at det skal ha rasa før 06.20 torsdag morgon.

Då var ikkje vegbana dekt, og fleire bilar skal ha teke seg forbi rasstaden.

Omkøyring via Hareid

Rjåneset ligg mellom Vardal og Ørsta. Politiet opplyser at det er omkøying via Sulesund, Hareid og Eiksundsambandet.

Frå det allereie sterkt trafikerte ferjesambandet Hareid - Sulesund blir det meldt om lang kø torsdag morgon.

– Det var mange bilar som ikkje vart med ferja no, og køa veks stadig, opplyser journalist Terje Engås som er på ferjekaia på Sulesund i halv ni-tida torsdag morgon.

(Teksten held fram under bildet)

Sætre reknar med det kan bli noko belastning på omkøyringsvegen ei tid framover. Ferjene på Festøy - Solavåg er varsla om raset og at dei ikkje må ta med bilar som skal forbi staden der det no er stengd.

Like etter klokka sju torsdag morgon er naudetatane på staden og jobbar med å skaffe oversikt over omfanget. Statens vegvesen er varsla.