Ifølgje ei pressemelding frå Statens vegvesen vil E39 mellom Ørsta og Festøya tidlegast opne torsdag ettermiddag, etter at det gjekk eit steinskred gikk over vegen på Rjåneset.

Omkøyring er via Eiksundtunnelen og ferjesambandet Hareid-Sulesund.

– Vi tek ut ei ferje frå Festøy-Solavåg og flyttar til Hareid-Sulesund. Då blir det kvartersavgangar på Hareid - Sulesund, opplyser prosjektleiar Odd-Einar Hjellen i Statens vegvesen til smp.no torsdag formiddag.

Dermed vil fire ferjer trafikkere dette sambandet. Og ifølgje Hjellen blir det avgang kvart kvarter. Noko meir er det ikkje plass til.

Ifølgje Hjellen er geolog frå vegvesenet på veg til rasstaden i Ørsta torsdag formiddag.

Tok unna på Hareid

Smp.no meldte tidlegare torsdag at det var lange køar for å kome med ferjene.

På formiddagen hadde situasjonen betra seg - allereie før ferje nummer fire blei sett inn i ruta. Ved avgangane som gjekk mellom klokka 10 og 11 var det ingen attståande bilar på Hareid-sida.

Men på Sulesund-sida kom ikkje alle bilane med og her var det mannskap på plass for å handtere køa.

Smp.no snakka med fleire yrkessjåførar i køa på Hareid, som meinte omkøyringa ikkje skapte nemneverdige problem for dei.

– Nei, det er ikkje mange minutta lengre køyreveg, så dette går greit, meinte Per Anker som køyrde asfalt mellom Bingsa og Hovden i Ørsta.

Då han kom til ferjekaia stod det fire filer med køyretøy, noko Ullensvang-ferja tok unna utan problem.

Betring på Sulesund

Då sjåføren var på tilbaketur over fjorden ved 12-tida hadde situasjonen betra seg, også på Sulesund-sida. Ifølgje Anker var det då fire ferjer i sving og han kom med på første ferje.

Som følgje av situasjonen vart sambandet Festøy - Solavåg frå klokka 11.25 berre utført av A-ferja. B-ferja blei flytta over til sambandet mellom Hareid og Sulesund.

Ved 13-tida melder vegtrafikksentralen at trafikken på Festøy-Solavåg går som vanleg igjen.

Vegmeldingar frå vegvesenet for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Vegmeldingar frå vegvesenet for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)