Forslaget inneber at ein legg til grunn at Møre og Romsdal har fire regionale arbeidsmarknader/pendlingsregionar. I dei fleste tilfelle er regionsenteret mest aktuelt for lokalisering av statlege arbeidsplassar.

Ein meiner alle fire regionane treng tilførsel av statlege arbeidsplassar for å kome på «landsnivå». Behovet er likevel aller størst i Kristiansundregionen og Eiksundregionen.

Den tredje køyreregelen er at alle relevante partar må delta i eit «skippertak» for å kompensere Kristiansundregionen for tapet av fleire hundre statlege arbeidsplassar som følgje av nedlegging av sjukehuset i Kristiansund våren 2022.

I kampen om lokaliseringar der det normalt berre er landsdelssentera som deltek, vil Møre og Romsdal fremje Ålesund sitt kandidatur med snart 100.000 innbyggarar i regionen.

Ein køyreregel er også at det ikkje skal brukast tid på intern flytting av statlege arbeidsplassar i fylket. Allereie etablerte statlege verksemder veks som hovudregel best der dei i dag er lokalisert.

Slik er dei statlege arbeidsplassane fordelt i dag:

Sysselsetting i statleg forvaltning. Tal frå SSB/Møre og Romsdal fylkeskommune. Foto: SMP Grafikk