(Fjordingen) 11. november 2016 var dagen for det første snøfallet i fjor vinter. Det vart også ein dag med fleire kollisjonar på vegane i indre Nordfjord. Ein av dei endte på verst tenkjelege vis; frontkollisjon mellom lastebil og bil. Føraren av personbilen omkom på staden. Lastebilsjåføren kom frå det utan fysiske skader.

Utfor asfaltkanten

Ulukka skjedde i Marsåvika. Ein lastebilsjåfør på veg retning Stryn såg at han møtte ein personbil då han nærma seg ein venstresving.

– Lastebilsjåføren la bilen ut mot vegskulder før møtesituasjonen. Vegskuldra var skjult av snø. Det medførte at lastebilen kom utfor asfaltkanten som var rett og mellom sju og ni centimeter høg. Då sjåføren forsøkte å få bilen tilbake på vegen, gjekk det gale og han kom over i motsett køyrefelt der han frontkolliderte med den møtande personbilen, fortel politiførstebetjent Vidar Stavik.

Han var skadestadsleiar på ulukkesstaden og har jobba mykje med ulukka i ettertid.

Vegforholda var medverkande

Rutinemessig vart det oppretta sak mot lastebilsjåføren. Etter å ha etterforska saka, konkluderte påtalemakta med å henlegge saka fordi vegforholda var medverkande årsak til ulukka. Både asfaltkanten og plassering av brøytestikker langt frå asfaltkanten vert trekt fram som viktige moment i rapporten politiet og Statens vegvesen har utarbeidd etter ulukka.

– Eg aksepterer henlegginga av saka mot lastebilsjåføren, og ønskjer heller ikkje å belaste han meir. Men for meg er det viktig å få fram alle svar. Og det er viktig å fokusere på vegforholda, med det mål at andre skal sleppe å oppleve det dei to gjorde, som møtte kvarandre i Marsåvika denne dagen, seier Asbjørn Lillenes.

– Eg får aldri Ove tilbake. Men når eg les kva rapporten seier og viser om vegforholda ulukkesdagen, meiner eg det er viktig å setje fokus på slike ting. Dess smalare vegbana er, dess lenger ut må eit stort køyretøy leggje seg i møte med andre bilar. Då er det viktig både kor brøytestikker er sette opp og ikkje minst korleis vegskuldrene er laga. Det finst standardar for dette, men mange stader er det ikkje samsvar mellom standard og korleis vegen faktisk er. Dette meiner eg det er viktig å setje søkjelyset på, seier Lillenes. Som og poengterer at det ikkje var strødd eller salta på ulukkesstrekninga då kollisjonen skjedde.

Tilbake på ulukkesstaden

Førre veke var Asbjørn Lillenes tilbake på ulukkesstaden, for å setje blomar i vegkanten der sonen Ove omkom, og for å sjå på vegforholda.

– Eg konstaterer at det no er lagt ny asfalt på strekninga, og asfaltkanten er lagt med skrå kant i staden for rett av. Brøytestikkene står og nærare vegkanten. Det ser mykje betre ut. Hadde det vore slik for eitt år sidan, hadde vi kanskje ikkje vore her no, seier Lillenes.

– Har vegeigar oppfylt pliktene?

Snorre Seim er bistandsadvokat for Asbjørn Lillenes, og har sendt brev til Vest politidistrikt med oppmoding om ytterlegare etterforskingsskritt, men med fokus retta mot vegeigar.

– Vi ønskjer å reise spørsmål om vegeigar fylkeskommunen sitt ansvar relatert til manglande tiltak i tilknyting til den rette asfaltkanten på ca åtte cm. Med tiltak tenkjer ein på varsling ved skilt, plassering av vegstikker, strøing, utbetring av asfaltkanten m.v. Vi har ikkje teke stilling til kor vidt det bør vere straffe- eller erstatningsansvar, og vil avvente etterforskingsrapport frå politiet før vi tek stilling til eventuelt vidare steg, seier advokat Snorre Seim til Fjordingen.

Politiførstebetjent Vidar Stavik stadfestar overfor Fjordingen at politiet har motteke oppmoding om meir etterforsking av vegforholda på ulukkesstaden. – Vi er i sonderingsfase på korleis vi skal gripe saka an, seier Stavik.

Denne artikkelen vart først publisert i Fjordingen.

Føraren av personbilen omkom på staden i møteulukka med ein lastebil. Foto: Roger Oldeide
– No er asfaltkanten avslutta med skråkant og brøytestikka står nærare vegkanten. Hadde det vore slik i fjor, er det ikkje sikkert ulukka hadde skjedd, seier Asbjørn Lillenes. Foto: Bengt Flaten, Fjordingen