(sunnmoringen.no)– Det har vore spanande arbeid, men marginane er små i det bratte terrenget. Tryggleiken blir sett framføre alt, seier Eldar Gjærde.

Den nytilsette leiaren for SVF (seksjon Fjellskred i skred- og vassdragsavdelinga) i Stranda fekk bokstaveleg talt ein flygande start då han tok til i stillinga på ettersommaren.

– Jo, det er blitt nokre flygeturar med helikopter inn til Åknes. Men eg likar meg i naturen. Høgderedd er eg ikkje, seier den tidlegare datasjefen i Stranda kommune.

Treårig prosjekt

SVF Stranda har i sommar lagt bak seg første sesong av det treårige prosjektet som går ut på å kartleggje kva innverknad grunnvatnet har på faren for ras ved Åkneset.

Det er i sommar bora to hol frå ulike posisjonar på til saman 600 meter ned i fjellet. Prøvane av dette tar den nytilsette prosjektleiaren og geologen, Gustav Pless, ansvar for å tolke i løpet av vinteren. Han får med seg doktorgradsstipendiat Henrik Langeland frå NGI. Også Universitet i Oslo, Sintef, NGU, NTNU, Norsar og Schlumberger er med i prosjektet.

Lage tunnel

I prosjektperioden skal det borast minst seks djupe hol som fortel korleis vatnet gjer fjellet ustabilt. Det var sett av 15 millionar kroner til arbeidet i år, og i statsbudsjettet for neste år er det sett av like mykje. Vona er at ein får gjennomføre heile prosjektet i løpet av tre år. Dersom det syner seg at drenering kan ha effekt, kan neste steg vere å bore ein tunnel under Åkneset, stor nok for å få plass til ein borerigg. Riggen skal bore dreneringskanalar.

Han har vore alt moglegmann i arbeidet i sommar, både på Åkneset og på dei andre lokalitetane som beredskapssenteret har ansvar for. Mykje utstyr er flydd inn i det bratte fjellet, og mange personar har vore i sving på ulike område. Sesongen er kort. Ein må sjå til at fonnene frå Flosteinnibba og Åkernesnibba har gått før arbeidet tek til, og at alt er rydda før snøen kjem om hausten. I år rekte ein det akkurat.

Minigravar til fjells

Som ein del av arbeidet vart ein minigravemaskin i sommar flydd opp i fjellet. Maskinen har planert boreområda. Det er strekt vassrøyr frå Instevatnet, øvst i Fjørstaddalen ned dit fem mann frå boreentreprenøren Geo Drilling har vore i sving.

– Ikkje sjeldan kjem det steinsprang som kan øydelegge røyra, seier Jogerud.

I tillegg til borearbeidet har eit sveitsisk firma gjennomført seismiske undersøkingar med svært fintfølande instrument. I staden for sprengladningar, har dei tilsette brukt slegger til å slå i fjellet med. Det har vore nok til å få eit avtrykk av fjellkvaliteten.

Schlumberger-prosjekt

NGU (Norges geologiske undersøkelser) har målt resistivitet, det vil seie at ein ved hjelp av straummotstand i bakken kan måle seg fram til vassmengder i fjellet. Om ikkje det er nok, har NVE gjort avtale med oljegiganten Schlumberger om eit testprosjekt med programvara Petrel for å modellere det potensielle rasområdet. Dette er teknologi som inntil no berre er blitt brukt i oljeverksemd.

– Vona er at vi vil ha nok kunnskap for å kome med ei god tilråding når den tid kjem, seier Eldar Gjærde til Sunnmøringen.

Denne saka vart først publisert i Sunnmøringen.