Dei visste ikkje heilt kva dei skulle tru. Ingen andre hus skal vere skadd.  Sjå bilda over.

Husa ligg i le for den kraftige vestavinden som kom inn over Nordvestlandet fredag ettermiddag. Det hindra ikkje vinden i å herje. Truleg er det ei vindkule som har kome ned den bratte fjellsida vest for husklynga.

– Det ser nesten ut som ein eksplosjon. Ingen andre hus i området er treft, seier Jan Arve Skåravik, som eig det tidlegare småbruket ved Vatnefjorden, i Skåravika mellom Vatne og Brattvåg i Haram.

– Fjølebitar ligg strødd heilt ned til sjøen. Ein stor bit på sju-åtte kvadrat har foke meir enn 100 meter. Det merkelege er at ein annan like stor bit har reist i omtrent stikk motsett retning, fortel han.

– Låvedøra stengt med firetom-firetom

– Det må ha danna seg ein ekstrem vind. Truleg har det kome ei vindkule over fjellsida. Låvedøra var stengt med ein firetom-firetom men den var knekt av, og vinden har opna dørene og skapt eit enormt trykk. Den eine løeveggen har blitt trykt ut og spreidd for alle vindar.

Skifertaket på hovudhuset vart treft, her er det knust eit par steinar. Bitar av løeveggen har foke til vers og bora seg langt ned i marka.

– Noko for mot nordvest og noko mot søraust, det er kjempemerkeleg, det må ha vore ein rotasjon i det, meiner Skåravik.

Då dei hadde fått summa seg, ringde dei meteorologen for å spørje om dette kunne vere eit spesielt vêrfenomen.

Turbulens

– Vi ringde Storm. Dei kalla det ein minitornado som har kome ned fjellsida.

Vakthavande meteorolog i Oslo seier til Sunnmørsposten at dei ikkje vil kalle det ein minitornado på denne tida av året.

– Det var ganske kraftige nedbørsbyger i går. Då kan det oppstå kraftig vind. I le kan det bli turbulent, og det kan vere at det har oppstått lokale effektar, seier vakthavande meteorolog Marit Berger.

Uansett: Det er heilt sjokkerande, seier Jan Arve Skåravik si dotter til Sunnmørposten. Inntil forsikringsselskapet kjem over helga lar dei alt ligge urørt. Sjå bildeserien over.

Har du opplevd noko liknande? Ta kontakt med Sunnmørsposten på 95 400 400 || e-post 95400400@smp.no