Eiksundtunnelen, på fylkesveg 653, var stengt ein periode fredag kveld.

Bakgrunnen var at nokon fjerna i alt tre brannsløkkingsapparat frå ein naudstasjon i tunnelen, melder politiet.

Både politi og brannvesen vart sendt til staden, og dei tre apparata vart etterkvart funnen tomme i botnen av tunnelen.

- Politiet ønskjer å kome i kontakt med vitne til hendinga, heiter det.