Sjølv trudde vi kanskje det, og då først og fremst knytt til at jobben omfattar tettstadanalyse. Så feil kan ein ta.

– Tettstadanalyse handlar om å snakke med folk om kva tankar og ønskje dei har for sentrum – næringslivet, politikarane, skulane, barnehagane, lag og organisasjonar inklusive, for ikkje å gløyme vegvesenet.

– Men det å samle informasjon slik, er i høgste grad også del av ein klassisk designprosess. Når ein skal lage noko nytt, noko som ikkje er, må ein jo ha innsikt, seier Klock sjølv.

– Eg skal med andre ord drive med det same som eg gjer når eg designar, berre at her skal det forhåpentlegvis ende ut med ein ny reguleringsplan. Og få med at det er folket her som skal gjere bygda betre. Dette handlar absolutt ikkje om meg. Eg er berre ein hjelpar i prosessen, legg ho til.

Bur der besteforeldra budde

Då jobben som prosjektleiar vart lyst ut, budde Runa Klock i Oslo.

– Det er over 20 år sidan eg flytta dit, likevel har eg aldri slått meg heilt til ro der. «Er det ikkje på Sunnmøre eg skal vere?» har eg tenkt, fortel ho.

For sjølv om designaren forlèt Sjøholt til fordel for hybel i Ålesund allereie 2. året på vidaregåande, er det kommunesentrumet i Ørskog som er heime.

– Eg er veldig glad i Sjøholt, og det som er litt artig er at eg som 12-13-åring faktisk teikna nytt sentrum. Teikninga sende eg til Bygdebladet, som trykte den, fortel ho. Det var også lokalavisa for først fortalde om nyejobben til designaren.

Soltun Designaren har flytta inn i Soltun, huset der besteforeldra hennar i si tid budde, i Sjøholt sentrum. Huset er eigd av familien og stod tomt då jobben som prosjektleiar dukka opp.

Eit anna samantreff er at Soltun, huset der besteforeldra til Klock i si tid budde, nett var ferdigrestaurert og stod tomt, då prosjektleiarjobben dukka opp.

– Det ligg på den kanskje minste tomta i bygda, i det området som historisk er å rekne som Sjøholt sentrum.

– Huset er eigd av familien, og planen var å leige det ut, vi hadde berre ikkje kome så langt. Då det vart klart at eg hadde fått jobben, fekk eg leige det, seier ho.

Heiltid og vel så det

For dei som ikkje kjenner Runa Klock, så er ho ei dame med mange jarn i elden. Arbeida hennar har både fått internasjonal merksemd så vel som resultert i prisar og utmerkingar. Seinast tidlegare denne månaden då ho, som designar for Fora Form, fekk Doga-merket (tidlegare Merket for god design) for bordserien «Root».

– Korleis har du klart å rydde plass til ein heiltidsjobb?

– Altså, no er eg nok av den typen som er vand med og likar å arbeide mykje, seier Klock først.

– Eg har rydda så godt råd, og nokre jobbar, slik som den for Fora Form, er langtidsprosjekt. Likevel vil det nok vere slik at eg også dette året kjem til å jobbe med andre prosjekt innimellom og på kveldar og i helger. Mellom anna skal eg halde fram i styra i selskapa mine – Epleslang, Retur og i svenske Syftesfabriken. Eg vil også vere med vidare i eit Pakistan-prosjekt, der inntekter frå sal av ulike tekstilar bidreg til at fleire jenter får gå på skule, seier Klock. Midt oppe i det heile er ho i desse dagar også i gang med ein eksamen i styrekompetanse på BI.

– Sjølv om det, som du seier, er folket som skal gjere bygda betre, sei litt om det du kan bidra med?

– I tillegg til det med å samle informasjon, mellom anna å visualisere ideane. Og så trur eg det at eg har vore borte herfrå ei stund og kan sjå bygda med friske auge, kan vere viktig. Eg har også den historiske kunnskapen, seier Klock.

– Undervegs skal eg også hente inn andre som kan. Til dømes arkitektar og planleggarar, avsluttar ho.