Oppdatert måndag ettermiddag: - Det er forventa opning rundt klokka 16, opplyser Vegtrafikksentralen til Sunnmørsposten.

Fylkesveg 60 er stengt i indre Hornindal. Omkøyring for personbilar er fylkesveg 726.

Ulykka har skjedd i krysset mellom fylkesveg 60 og fylkesveg 726, som vert kalla Seljesetkrysset.

Politiet melder at føraren i 70-åra er ute og uskadd. Lastebilen var lasta med 20 tonn laks i kasser og blir lasta om. Politiet har ikkje mistanke om påverknad.

Før midnatt søndag meldte politiet at vogtoget truleg har køyrd utfor asfaltkanten på grunn av dårleg føre. Ein rekna då med at bergingsarbeidet ville ta store delar av natta.

Sjekk vegmeldinger for Møre og Romsdal (ekstern lenke)

Sjekk vegmeldinger for Sogn og Fjordane (ekstern lenke)