Ein narkohund fann 800 gram hasj i ein bil som blei stoppa i Stryn i februar. Ein mann i 20-åra har tilstått at det var han som kjøpte hasjen. Han er no dømd til 120 dagar i fengsel.

Etter ein helgetur frå Eid til Sverige for å kjøpe øl og snus, tok ein av kameratane ein avstikkar til Tønsberg. Der møtte han tre menn i ein skog og kjøpte 800 gram hasj. For dette betalte han 50.000 kroner i kontantar. I Stryn blei bilen stoppa av politiet, og narkotikahunden fann raskt hasjen som var gøymd i bilen.

Mannen hevdar at han kjøpte narkotikaen på vegner av ein tredjeperson og at han skulle få 10.000 kroner for jobben. Dette festar Sogn og Fjordane tingrett ikkje lit til.

100 gram av stoffet var selt til ein annan i bilen, som for dette er dømd til 21 dagar fengsel.