Den eine tvisten gjeld krav om ekstrabetaling for levering av glas som det kommunale føretaket ikkje kan godkjenne.

Usemja om betaling for glas heng saman med den neste tvisten, nemleg honoraret til prosjekteringsgruppa.

Eigedomsselskapet har reklamert på storleiken på honoraret, men også på det ein meiner er prosjekteringsfeil og manglande prosjektering.

– Dette er ei omfattande sak der vi ikkje har full oversikt før sluttfaktura er kome på fleire fag. Krav om ekstrabetaling er kome frå fleire av entreprenørane, skriv Rune Urke, dagleg leiar i eigedomsselskapet.

Ein er i dialog og Urke meiner det er håp om å unngå rettssak.

Ulstein Arena opnar laurdag 2. desember, med tilstellingar og ope hus for publikum.