Biskopen har opplevd fleire gonger å få tilsendt seksualiserte tekstmeldingar og bilete frå framande menn i samleiestillingar, melder NRK Møre og Romsdal. Ho fortel òg at ho har fått tilsendt redigerte bilete av seg sjølv i intime situasjonar.

– Det er ikkje noko behageleg i det heile teke. Då brukar ein eit maktspråk som kneblar den frie samtalen, seier Midttømme til NRK.

Bileta ho har fått er ikkje frå eigne tilsette. Men ho har også fleire gongar måtte ha slått ned på åtferd blant eigne tilsette som har ført til at dei ikkje lenger kan jobbe i kyrkja, fortel ho. Til NRK fortel ho også at ho som ung, nyutdanna prest opplevde seksuell trakassering frå ein eldre, mannleg kollega

– Eg sa det ikkje til nokon overordna, for eg syns det rett og slett var flaut den gangen, seier ho til NRK.

No håper ho folk vil gjere det motsette.