Politiloggen:

Mista førarkortet i 70-sone

Ein bilførar er fråteken førarkortet og politimeld etter å ha køyrt for fort i Skorgedalen i Vestnes.

illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix 

Nyheter

Politiet i Møre og Romsdal melder på Twitter natt til torsdag om eit førarkortbeslag i 70-sona i Skorgedalen.

Vedkomande køyrde i 106 km/t og blir meld til politiet.

Natt til torsdag blir det elles meld om ordensuro i Ålesund. Ein mann er bortvist etter slåsting og blir meld til politiet.