Obs-varselet gjeld Rogaland og Hordaland, der det torsdag ettermiddag er venta liten storm mellom Boknafjorden og Hardangerfjorden.

– Ver obs på kraftige vindkast mellom 25 og 35 meter per sekund innover land, melder Meteorologisk institutt på Twitter.

Det er også venta mykje regn, på det meste opp mot 120 millimeter på 24 timar enkelte stadar.

Nedbøren kan få store konsekvensar, blant anna i Hellelandsvassdraget gjennom Gyadalen i Eigersund kommune, ifølgje NRK. Her styrkjer no kommunen beredskapen etter kraftig stigning i vasstanden.

Informasjonssjef Leif E Broch i kommunen seier dei ventar ein flaumtopp på formiddagen. Vasstanden har stige frå to meter til over tre meter gjennom natta.

Det har gått av fleire steinras i dei to fylka. På fylkesveg 503 mellom Vikeså og Byrkjedal er vegen stengt på grunn av eit steinras ved Gloppedalsura, melder Vegvesenet.

Også på riksveg 13 ved Odda har det vore eit steinras, der store steinar raste ut i vegen.

To bilar vart tatt av raset og ein person vart send til sjukehus med lettare skadar.