(Møre-Nytt): Helse Møre og Romsdal har bede kommunane uttale seg om Utviklingsplanen for åra 2019–2022.

I forslaget til høyringsvar frå Volda kommune kjem rådmannen, helse og omsorgssjefen og kommunelegen med det som må kallas eit kraftig varsku mot konsekvensane, dersom planen vert gjennomført.

– Helseføretaket legg opp til å overføre underfinansierte oppgåver til kommunane, som også manglar finansiering. Det må vi sette foten ned for, seier rådmann Rune Sjurgard.

Han er leiar for rådmannsutvalet i Kommunenes Sentralforbund i Møre og Romsdal.

Dersom Helseføretaket overfører oppgåver til kommunane for å spare pengar er det i strid med sentrale politiske vedtak, meiner rådmannen og helsetoppane i Volda. Dei formulerer seg slik i eit forslag til eit politisk vedtak: «Utviklingsplanen gir ei oppleving av at Helse Møre og Romsdal planlegg å forsere oppgåveoverføring som ikkje er konsekvensutgreidd eller tilstrekkeleg nasjonalt forankra, og som kan få alvorlege konsekvensar for kommunane og pasientane.»

Stadige reformer

Kommunane har dei siste åra fått tilført nye oppgåver innan helse- og omsorgssektoren som eit ledd i Samhandlingsreforma.

I saksutgreiinga skriv Volda kommune at fleire kommunale tenesteområde har «begynt å blø».

Det gjeld tenester for rus og psykisk helse som må ta hand om fleire krevjande pasientar enn tidlegare, og det gjeld fastlegeordninga som også har fått nye oppgåver.

– På toppen av desse utfordringane vi har med Samhandlingsreforma kjem altså helseføretaket sin utviklingsplan og føreskriv ei vidareføring og forsterking av oppgåveoverføringa, står det i saksutgreiinga.

Appell til rikspolitikarane

Volda-rådmann Rune Sjurgard, ber om hjelp frå rikspolitikarane for å hindre at kommunane sit att med svarteper når sjukehusa skal spare pengar.

– Vi treng å lyfte dette opp på nasjonalt nivå, og det må vi gjere saman med andre kommunar. Vi har forståing for at leiinga Helseføretaket gjer som dei gjer. Dei er pålagde å spare pengar. Så dette er heller eit forsøk på å hjelpe dei til å få den økonomiske situasjonen til helseføretaket opp på eit nasjonalt nivå, seier Sjurgard.

– Gløymer pasientane

Administrasjonen i Volda meiner Helse Møre og Romsdal sin utviklingsplan i for stor grad handlar om å spare pengar, og at pasientane vert gløymde.

– Utviklingsplanen kan sjå ut til å vere ein strategi for korleis ein skal drive eit underfinansiert føretak framfor å utvikle tenestene i samsvar med samhandlingsreforma sin intensjon om heilskapleg tenestekjede med pasientane i fokus, står det i saksutgreiinga.

– Når det gjeld sjukehuset er formuleringane vage og upresise. Det gjeld både for det medisinske tilbodet og for bygningsmassen, står det i kommuneadministrasjonen si saksutgreiing.

I forslaget til politisk vedtak vert det stilt krav om at Utviklingsplanen slår fast at «Volda sjukehus skal vidareutviklast som eit velfungerande lokalsjukehus med gode akuttfunksjonar, medrekna akuttkirurgisk beredskap og fødeavdeling for regionen.»

Denne saka stod først på trykk i Møre-Nytt.