– Det var ingen dramatikk. Torpedodrivaren var detonert, ikkje lada. Vi kutta kroken og den for ned igjen i dragerbrønnen, fortel skipper og reiar Kjetil Holmeset.

– Ikkje lada

Torsdag kom Holmeset heim frå fiske i Barentshavet.

Han fortel at den spesielle fangsten såg ut som eit stålrøyr og var ein drivar til ein torpedo. Men altså ikkje lada. Gjenstanden følgde med lina heilt opp i dragerbrønnen som ligg midt i den moderne fiskebåten. Mannskapen skjøna med ein gong kva fangst dei hadde fått.

Holmeset såg på den gjennom kamera.

– Vi opplevde ikkje situasjonen som dramatisk. Det er som når du får ein støvel på kroken, du slepp han ut igjen med ein gong. Dette skjer på eit minutt, fortel Holmeset til Sunnmørsposten.

Han har høyrt om kollegaer som har fått tilsvarande fangst, men då tilbake på 90-talet.

Utfordrande å fiske i russisk sone

Geir II er sju år gamal og moderne utstyrt. Om bord har dei ein incinerator - ein omn som brenn søppel ved 1100 grader. Plasten de får om bord blir brent her. Annen søppel takast med til land. Båten går i land i Kirkenes, Tromsø og Ålesund.

Holmeset seier det ikkje er til å leggje skjul på at det er spor etter mykje rart i russisk sone. Og at det kan vere ei utfordring å fiske der.

Når norske fiskebåtar passerer delelinja mellom norsk og russisk sone, må dei melde frå på russisk side at dei beveger seg inn i sona.

– Dei har sjekkpunkt som dei inspiserer og så får vi fiske, fortel han.

Driv med skyteøvingar

– Dei stengjer område større enn Nordsjøen der dei driv med masse skyteøvingar. Dette er vel resultat av det dei trenar på, seier Holmeset om torpedodrivaren.

– Når dei er ferdige med skyteøvingane får vi sleppe inn igjen.

Han fortel at russarane har oppretta ei nettside der dei 3–4 dagar i førevegen informerer om alle skyteøvingane sine. Det gjer det mykje lettare for fiskarane.

– Tidlegare var det mykje uvisse. Ofte blei vi jaga frå området, og det medførte mykje køyring. Websida gjer ting mykje enklare, seier han.

– Korleis blei fangsten?

Steikje godt å vere kvitfiskfiskar

– Det er ikkje fullt så god tilgang til fisk i Barentshavet siste året samanlikna med tidlegare. Men vi opplever tilgang til mange forskjellige storleikar og årsklassar og jamt over gode prisar.

Opp i 36 kroner for den største torsken og 27 kroner kiloen for hyse. Torskeprisen er veldig nær all time high. Det er steikje godt å vere fiskar i kvitfisksektoren for tida. Det blir gode inntekter for 2017.

For få år sidan, i 2013, visste vi ikkje om vi kom til å overleve på grunn av offshoresektoren. Den gang var prisane låge, og dieselprisen høg. Offshore for av garde med mannskapet vårt, fortel Holmeset.

Fint ver i Barentshavet

Utover det fortel han at mannskapet på 18 som no gjekk i land har hatt fem veker i Barentshavet med mykje fint ver. Dei har ligge litt i le for styggevêret som har bevegd seg opp mot Hopen.

Holmeset blir heime i jula. Men dei som no gjekk om bord skal fiske til 28. desember.

– Det er første gong vi har drive fiskeri i jula. Vi har så gode hysekvotar at vi må fiske dei, seier Kjetil Holmeset.