(Møre-Nytt) Sokneprestane i Ørsta og i Volda har skrive eit lesarinnlegg i Møre-Nytt som svar på dei siste dagars oppheita debatt etter lesarinnlegget til pastor Hans Reite frå Nytt Livs senter, der Reite går til åtak mot homofile.

– Etter dei siste innlegga frå Reite når det gjeld homofili kjenner vi på behovet for å klargjere at meiningane som kjem til uttrykk hos han står langt i frå det som vi som teologar og prestar i Den norske kyrkja står for. Som mange andre reagerer vi sterkt på mange sider ved Reite sitt innlegg mot homofili og, særleg i dei siste, mot homofile medmenneske, skriv sokneprestane Arne Moltubak (Ørsta), Espen Aarseth (Hjørundfjord og Storfjorden), Ruth Eva Sollie (Vartdal), Kristian Myklebust (Volda og Dalsfjord) og Ingrid Finsådal (Austefjord og Kilsfjord).

Sokneprestane understrekar at dei ikkje ønskjer å debattere med Reite, og at dei heller ikkje vil angripe Hans Reite som person.

– Men særleg sidan Reite kan formulere seg i «vi»-form, kan det verke som om det han skriv er representativt for langt fleire enn det i røynda er. Han skriv i alle fall ikkje på våre vegner. Etter vår meining er det sjølvsagt at homofile og lesbiske skal få leve ope og ærleg om kven dei er og kven dei er glad i.

Sokneprestane framhevar også at Reite nyttar seg av eit språk som kan verke skremmande, og som er eigna til å skape skam og sjølvforakt. Dei skriv at det mellom linjene kan verke som om Reite ser på avkriminaliseringa av homofili som ei uheldig samfunnsutvikling.

– Kyrkjemøtet opna i vår for vigsel også for likekjønna par, med moglegheit for kyrkjelege tilsette å velje om dei ønskjer å utføre desse vigslene eller ikkje. Vi støttar dette vedtaket, som gjev rom for ulike syn på ekteskap, og meiner at vi må leve med ulike meiningar om dette. Dei som kjem til kyrkja skal kunne kjenne seg trygge på at dei kan kome som den dei er. Vi som er prestar i kyrkjelydane i Ørsta og Volda ønskjer å arbeide for dette.

Saka blei først  publisert i Møre-Nytt