Felles døgnkontinuerleg barnevernsvakt i Stranda, Sykkylven, Sula og Giske. Det blir det no arbeidd med å etablere i desse fire kommunane.

Per i dag har ikkje dei fire kommunane ei ordning utanom kontortid som stettar krava, skriv rådmannen i Stranda.

Ho legg til at nokre av dei fire tidlegare har vore i samtale med Ålesund kommune om eit samarbeid. Men Ålesund har no signalisert at dei ikkje vil samarbeide med andre enn dei kommunane dei skal gå saman med frå 2020.

Storfjorden barnevern, som består av Norddal, Stordal, Ørskog og Skodje, var også aktuelle. Men dei trekte seg ut etter at Skodje og Ørskog vedtok å gå inn i Nye Ålesund kommune.

Så då går det mot at Stranda, Sykkylven, Giske og Sula får felles barnevernsvakt.