– Sjølv om vi er ein gjeng godt vaksne damer, så let vi oss ikkje pille på nasen sånn utan vidare, seier Torill Rødven Eide og Annie Sandvær i Volda Sanitetslag.

Dei har hatt meklingsmøte for å prøve å løyse saka, men før helga leverte sanitetslaget stemning til Søre Sunnmøre tingrett og krev at avtalen om sal av sanitetshuset blir oppfylt.

4,9 millionar kroner

I sommar selde dei det gamle sanitetshuset til Tomteservice AS, eit selskap som driv med utvikling og sal av eigedom.

Det var fem bodgivarar i starten, men etter kvart var det igjen tre som baud.

Huset var taksert til tre millionar kroner, men gjekk til slutt for 4,9 millionar kroner.

Kjøpsavtale blei signert før sommaren, og avtalen var at kjøpar skulle overta huset i august.

– 20 minutt før overtaking kom meldinga om at kjøpar ville heve avtalen, seier Sandvær.

Bakgrunnen var at kjøpar var blitt kjend med at kommunen hadde planar om eit reinseanlegg i området.

– Vi forventar at ein profesjonell part gjer alle undersøkingar i kommunen. At dei ikkje har fått med seg Volda kommune sine planar, har vi vanskeleg for å tru, seier Eide og viser til at dei har funne 17 avisinnlegg om dette.

Signal om reinseanlegg

Volda kommune har signalisert at Klippa er aktuelt for nytt reinseanlegg.

Dette fekk sanitetslaget brev om dagen før årsmøtet i 2015, då det var kjent at sal av huset skulle opp som sak på årsmøtet.

Som følgje av brevet blei salet utsett.

Saniteten høyrde ikkje meir frå kommunen.

Dei hadde store utgifter på huset og lite inntekter, og på årsmøtet i 2017 blei det fleirtal for å selje.

Og sanitetslaget let ein eigedomsmeklar stå for salet.

– Vi kunne ikkje vente med å selje til vi visste kva kommunen ville lande på, seier Eide og legg til at no har også Norconsult vurdert plasseringar for reinseanlegget der Klippa ikkje er det mest aktuelle.

I april fekk meklar telefon frå kommunen, der dei bad om at eigedomen blei seld til dei.

Meklaren opplyse at dei var velkomen til å gi bod, men at salet ville gå sin gang på den opne marknaden.

Då bodrunden starta, var kommunen ikkje blant bodgivarane.

Ifølgje stemninga sende kommunen også brev til meklar, der det blei oppmoda om å gjere andre interessentar kjend med at det var aktuelt med reinseanlegg i området.

– Vi opplever dette som utidig innspel frå kommunen om at dei ønskjer å skaffe seg eigedomen billig, seier Eide.

Ville fått på billigsal

Både seljar og meklar vurderte det slik at om dei hadde lagt fram brevet, som dei meinte var både urett og usakleg, ville det skremt bort andre interessentar.

Og kommunen hadde oppnådd det dei ville: å få kjøpe eigedomen på billigsal, heiter det i stemninga.

– Dette er kjernen i saka. Kva er eigedomen verd med dette hengande over seg, seier Einar Holsvik i Tomteservice AS.

Han meiner eigedomsmeklaren har gjort feil, når brevet frå kommunen blei halde tilbake.

– Kvifor vart brevet halde skjult? Og kva var agendaen? Det spørsmålet blir no prøvd rettsleg, seier Holsvik.

Han beklagar at dette no går ut over sanitetskvinnene:

– Det er synd at dette skal gå ut over sanitetslaget. Det er den profesjonelle parten vi meiner har gjort feil. Vi var på vising og vi snakka med han om at vi ville utvikle eigedomen, men han seier ikkje noko om brevet, seier Holsvik som fortel at dei fann brevet sjølve, same dag som overtaking skulle skje.

Johnny Kragseth i Kragseth Eigedomsmekling avviser at dei har gjort nokon feil.

– Seljar deler ikkje denne oppfatninga, for då hadde dei ikkje stemna kjøpar. Vi har gjort jobben vår, seier han.

Dei to engasjerte sanitetskvinnene synest dei er blitt dårleg behandla av kommunen.

– Det er frykteleg at kommunen behandlar Volda Sanitetslag slik, seier Sandvær.

–Tenk kor mykje saniteten har bidrege tilbake til samfunnet her. Dette er trist. Alt saniteten gjer på dugnad, med basarar og loddsal. Alt går tilbake til tiltak for kvinnehelse, barn, unge og eldre, seier Eide.

– Vi har gitt så mykje tilbake til samfunnet at vi forventar å bli tekne seriøst, seier Sandvær.

Ordførar Jørgen Amdam avviser at kommunen var ute etter å skaffe seg huset på billigsal og at det var ein utidig måte å gjere det på.

– Vi var interessert i dialog og få ein vinn-vinn-situasjon, seier han og legg til at kommunen med brevet ville opplyse om det som kunne påverke området, som at kommunen ønskjer å sikre seg området til sikringsareal for kloakkreinseanlegg. Dessutan tvilar han på at det vil bli gitt løyve til å bygge ut området før Voldatunnelen blir bygd, sidan huset har vanskeleg avkøyrsel til dagens E39.