– Vi har merka oss at det i enkelte kolonneavgangar kan stå att bilar, seier prosjektleiar Ole Kristian Birkeland i Statens vegvesen til Sunnmørsposten. Statens vegvesen har fått ein del reaksjonar frå publikum, og dei vurderer no å sleppe fleire bilar igjennom tunnelen i dei kolonnene som er sett opp. I dag er det maksimalt 30 bilar per kolonne. Årsaka til avgrensinga er helseomsyn for dei som jobbar nede i tunnelen.

– Vi vurderer no i samråd med entreprenøren å snarleg auke talet på bilar, men fleire avgangar er det ikkje snakk om, seier Birkeland. Han oppmodar samtidig folk om å bruke båt- og busstilboda. Stadig fleire gjer dette.

Halvanna år

I halvanna år framover må øyfolket innrette liva sine på ny. Anleggsperioden for oppgradering av Godøytunnelen starta 8. november, og skal vere ferdig til april 2019. I heile anleggsperioden er det kolonnekøyring. På formiddag og tidleg ettermiddag kan ein måtte vente over to timar om ein ikkje kjem med blant dei 30 første bilane i kolonnen.

I 12:20-kolonnen frå Giske mot Godøy onsdag var det 24 bilar i køen som slapp igjennom.

Dersom nokon må vente over denne kolonnen går ikkje neste før 14:50.

Bilar står att

Odd Jarle Støbakk hadde plass nummer 11 i køen. Han synest ordninga med kolonnekøyring har fungert greitt.

– Eg arbeider på sjøen, og har ikkje hatt problem med dette. Det kan vere enkelte gongar at bilar har stått igjen, og at ein må møte opp i god tid for å kome blant dei 30 bilane. For min del har ikkje dette vore vanskeleg, men det kan vere verre for andre. Til dømes dei som skal på jobb på sjukehuset, vurderer Støbakk. Han er som andre i køen onsdag glad for at den mørke og utdaterte tunnelen vert modernisert.

Vaktar tunnelen

– Vi gjer så godt vi kan for å hjelpe folk, seier Hans Christian Berge som passar på ved tunnelopninga, tel bilar og informerer dei reisande. Onsdag fekk dei ordna to ekstra turar for å hjelpe folk som stod att. Slik kan dei gjere om det klaffar med arbeidet som går føre seg nede i tunnelen, men dette er ikkje noko ein kan rekne med.