– Har vi først kome så langt, vil det vere kjipt å ryke ut no. Vi vil til finalen, seier Elise Nærø (29) og Andrea Santiago Stønjum (16) – dei to lokale håpa som er att i songkonkurransen på TV2.

– Samtidig, om det no skulle skje at eg ryk ut, har eg jo kome veldig langt. Mykje lengre enn eg hadde trudd på førehand. Eg er veldig stolt av meg sjølv, seier Andrea – og modererer altså litt.

Tolkar store hits i semifinalen

Då vi snakka med dei to torsdag var dei travelt opptatt med førebuingar til semifinalen.

Medan Elise skal synge «Use Somebody» av gruppa Kings Of Leon, har Andrea valt seg «Something’s Got A Hold On Me» som fleire kjende artistar har hatt suksess med – mellom dei Etta James og Christina Aguilera.

– Eg likar å gjere min eigen vri på låtane eg syng, og slik blir det denne gongen også. Akkurat korleis får de høyre i direktesendinga, seier Elise.

– For meg blir «Something’s Got A Hold On Me» noko litt annleis enn eg har gjort så langt i konkurransen. I tillegg til at den er meir dansbar enn mykje anna eg har gjort, har den 50–60-tals vibe, seier Andrea.

Vokalist og songpedagog

Men for dei som ikkje kjenner dei to stortalenta, kven er dei?

– Eg for min del er oppvaksen på Remøy i Herøy, men bur i dag i Fosnavåg og er mamma til to barn på tre og åtte år, fortel Elise.

– Etter å ha gått musikklinja på Kongshaug Musikkgymnas, ein vidaregåande skule i Os utanfor Bergen, tok eg faglærarutdanning på Institutt for rytmisk musikk ved Universitetet i Agder.

– Etter dette har eg hatt basen min i Fosnavåg, der eg kombinerer det å vere frilans som vokalist med å gje privatundervisning som songpedagog. Sjølv om eg også tidlegare har reist ein del til større byar for å jobbe, har The Voice allereie opna nokre dører, og håpet er sjølvsagt at det skal opne seg fleire, seier ho.

I tillegg til å synge, speler ho piano, ho skriv eigne låtar og arrangerer også musikk.

Vil leve av musikken

Med sine 16 år er Andrea Santiago Stønjum yngst i semifinalen.

– Likevel vil eg vel seie at eg er driven som vokalist. Eg har sunge sidan eg var sju, og sjølv om eg før The Voice berre hadde opptredd lokalt, har eg sunge både på festivalar, på kyrkjekonsertar og under fleire andre ulike arrangement, fortel ho.

– Og du kjem frå Måløy i Vågsøy?

– Ja. Der har eg budd heile livet, og går no 1. året på Måløy vgs.

– Har du rukke å tenke på kva du vil gjere etter vidaregåande?

– Planen er å kunne leve av å vere artist. Går det ikkje, er der også ein plan b. Det er å bli politi, seier ho.

Viktig erfaring

Både Elise og Andrea fortel at dei har utvikla seg mykje, takka vere The Voice.

– Som artist, men også mentalt. Og når det gjeld det å synge på TV – og spesielt på direktesendt TV, så er det ei utdanning i seg sjølv. Ein skule ein ikkje får på anna måte. Eg er så takksam, seier Elise.

– Før verka det så skummelt, det å skulle opptre på TV. Og sjølv om eg ikkje trur at ein nokon gong blir heilt vand med å bli eksponert sånn, har det no blitt greitt, kommenterer Andrea.

– Og akkurat det, å kunne konsentrere seg heilt og fullt om konkurransen, har vore essensielt for meg. Rett nok har eg fått besøk av mann og barn fleire gongar undervegs, men The Voice er som toppidrett. Det krev fullt fokus.