Området kring Runde er ekstra interessant for forskarane på grunn av marin kartlegging som er gjennomført og som framleis skjer der. Forsvaret si frigivingav detaljerte djupnedata har gjort søre Sunnmøre svært så attraktivt område for marin forsking.

Partnarar frå næringslivet

Saman med partnarar frå næringslivet arbeider Miljøsenteret no med eit prosjekt finansiert av Regionale Forskningsfond Midt-Norge, melder Runde Miljøsenter i ei pressemelding.

Det handler om fjernstyrte undervassfarkostar og korleis ein skal kunne utvikle operasjon av slike farkostar til ein kommersiell teneste. Workshopen tysdag og onsdag skal gje nye moglegheiter for kartlegging av havet.

Tokt i sommar

Ein forsmak på dette fekk dei under toktet ved Runde i sommar der det blei nytta ny teknologi. Mange aktørar fekk testa ut forskjellige farkostar både på, under og over vatn, samt testing av sensorar.

Workshopen i komande veke samlar ekspertar på havforsking og havforskingsteknologi frå heile Norge. Her skal dei utveksle røynsle og resultat av arbeidet sitt med autnome undervassfarkostar. Dette er ein av dei første slike samlingar i Norge.

Tanken er å byggje opp eit kunnskapsmiljø for dei som jobber med slik teknologi.  Miljøsenteret melder at alle som har ein interesse av ubemanna og fjernstyrte farkostar for havovervaking er velkomen til å delta i workshopen.

Frå v. Asgeir Sørensen NTNU, Jenny Ullgren RMS og Martin Ludvigsen, NTNU – frå toktet i sommar 2017 Foto: Runde Miljøsenter