Ordninga, om den blir godkjent av Stortinget, gjeld også for reiarar som vil etablere fabrikk om bord i fiskebåten. Giek kan normalt garantere for inntil 70 prosent av investeringslånet.

Foto: Kjetil Holmeset

Wenche Nistad kom fredag til Fiskebåt Vest sitt årsmøte i Ålesund for å presentere nyheita. Giek sine garantiar bidrar til å auke bankane sin utlånskapasitet, men risikopremien er lik.

– Bankane har ei grense for kor mykje dei kan låne ein enkelt kunde. Giek vil kunne redusere bankane sitt behov for kapitaldekning. Det vil gjere heile lånet billegare, forklarer Wenche Nistad i Giek.

Fordelen med å bygge i Norge, meiner ho, er at ho opplever at norske verft har kortare byggetid enn utanlandske.

Holmeset tvilar

Reiarlaget H.P. Holmeset på Grytestranda, med den sju år gamle «Geir II», tenker på å bygge ny båt. Prosessen med eit nybygg tar gjerne to år.

Så langt trur ikkje Holmeset at dei vil nytte den nye ordninga.

– Giek er veldig nøye med at avdraga skal betalast på dato. Unntaket er dersom det er krise, men det er ikkje krise i næringa om eit reiarlag har hatt ein bomtur, seier Hallgeir Holmeset.

Han er sikker på at vanlege bankar er meir fleksible med innbetaling av avdrag.

– Bankane føler marknadskonkurransen på kroppen. Statlege føretak er neddynga av direktiv, meiner Holmeset.

Holmeset legg til at ein ny havgåande fiskebåt er ei svært stor investering. Eit lån på kanskje 170 millionar kroner er gjerne nødvendig.

Dele risiko

Nistad i Giek stadfester at det er vanskeleg å få utsett avdrag på lån som Giek garanterer for.

– Det er vanskeleg å få utsett innbetaling, men det er mogleg. Vi samarbeider gjerne med hans hovudbank. Dersom han får problem, må han snakke med banken, så snakkar banken med oss, seier Nistad og legg til:

– Dei fleste bankar syns nok at det er ein fordel å dele risiko.