Snøkrabbe ved Svalbard er spådd å bli eit storfiske. Det mest vanlege agnet er akkar – eit dyrt agn som heller kunne vore brukt som menneskemat.

– Det er for gale å bruke akkar, fiska i Sørishavet, når vi har løysinga her på Valderøya, seier Arild Giske i Scan Mar.

I hemmelegheit har det nye agnet no blitt testa ut i snøkrabbefiske ved Svalbard. Ferdige agnpølser med opphakka seiryggar er lagt rett i teinene. Med på laget er Nofima og reiarlaget Arne Birkeland.

– Resultata så langt er veldig lovande, ifølgje Arild Giske.

Eit tonn i døgnet

Giske har erfaring frå krabbe-fiske i Alaska.

No er han medeigar i Scan Mar på Valderøya, som lever av å produsere klippfisk.

Torskeryggane sel han til Vietnam og Kina som smakstilsetning.

– Kva seier fiskarane til dette?

– «Skal du fortelje oss korleis det skal gjerast?» var det ein som sa. Men eg forstår dei jo, for på eit tokt er det millionar av kroner som står på spel.

Nofima tok tenning

Arild Giske seier at han aldri hadde fått til dette åleine. I fjor sommar presenterte han ideen for seniorforskar Sten Ivar Siikavuopio i Nofima. Han har forska på kongekrabbe i 20 år.

– Potensialet er enormt for den nye oppfinninga. Snøkrabben er den raskast veksande arten i Barentshavet. Fangst av snøkrabbe vil bli det nest viktigaste fisket i Barentshavet etter torsken, ifølgje Siikavuopio.