Sorterer Innføringa av meir kjeldesortering, og særleg utsortering av matavfall, har ført til sterke reaksjonar blant mange. I dette innlegget fortel ÅRIM korleis dei meiner oppdraget deira er og skal løysast. Illustrasjonsfoto.
            (Foto: Foto Loop)

Sorterer Innføringa av meir kjeldesortering, og særleg utsortering av matavfall, har ført til sterke reaksjonar blant mange. I dette innlegget fortel ÅRIM korleis dei meiner oppdraget deira er og skal løysast. Illustrasjonsfoto.Foto: Foto Loop

Årim om oppdraget sitt:

«Gjer ÅRIM det dei skal?»

Dei siste vekene har det vore ein del diskusjonar om ÅRIM og om vi utfører den jobben selskapet var tiltenkt. Vi lever godt med ulike oppfattingar. Men vi vil likevel minne om kva som er ÅRIM si oppgåve og kven som har bestemt kva ÅRIM skal gjere.

ÅRIM vart stifta i 2009. Då gjekk tolv kommunar saman og etablerte eit miljøselskap. Ambisjonane og forventingane var høge. Eigarkommunane ville ha eit selskap som ikkje berre handterte renovasjonstenestene på ein effektiv måte.


Årim får kritikk for sortering av matavfall:

- Dette er direkte feil

- Det er uheldig at «ekspertar» forsøker å etablere sanningar basert på feil faktagrunnlag, seier dagleg leiar Øystein Peder Solevåg i Årim i ein kronikk sendt til Sunnmørsposten.

Dei ville også ha eit selskap som var kostnadseffektivt og følgjer utviklinga i avfallsbransjen. Handtering av avfall er noko heilt anna i dag enn for berre for ti år sidan.

I dag er dette ein bransje med høg grad av innovasjon.

Betre tenester

Eit grunnleggande krav frå eigarane våre var at kundane skulle få betre tenester.

Har ÅRIM oppfylt det kravet?

Vi har analysert målingar av korleis kundane opplever kvaliteten på tenestene vi leverer over fleire år.

Svara er ikkje til å misforstå. Kundetilfredsheita er høgare no enn før ÅRIM starta. Vi er difor trygge når vi svarer; Ja, ÅRIM innfrir dette kravet.


Innlegg om avfallshåndtering:

«Matavfall og biogass, et tapsprosjekt»

Vi forstår sjølvsagt at endringane vi no innfører også blir møtt med skepsis. Dette er naturleg i alle utviklingsprosessar og vi er lydhøyre for innspel. Men oppdraget til ÅRIM er ikkje å løyse renovasjonsutfordringane med gårsdagens løysingar. Vårt oppdrag er å vere med å utvikle tenestene vi leverer slik at det samla forbruket vårt gjer minst mogleg innhogg i våre felles ressursar. Eigarane våre har sett eit krav til oss om at vi skal gjenvinne meir av avfallet.

Matsortering viktigast

Korleis vil ÅRIM utnytte ressursane i avfallet betre?

Selskapet har lagt ein strategi som viser korleis vi kan gjenvinne meir av avfallet vi samlar inn. Det viktigaste grepet her var å innføre matsortering.

Før strategien vart vedteken gjennomførte vi ein omfattande prosess med høyringar i eigarkommunane, alle tolv kom med konstruktive uttaler.

Deretter gjekk saka til ÅRIM sitt representantskap, som er folkevalde frå kommunane. Representantskapet gjorde så sitt vedtak om korleis arbeidet skulle gjennomførast. Ein del av denne strategien var meir kjeldesortering.

Gjer oppdraget

Gjer ÅRIM det dei folkevalde har bestemt?


Innlegg om avfallshåndtering:

«Avfall som ressurs»

Har du hørt om sirkulær økonomi? Det betyr at vi utvider synet på hva som er ressurser. Ved å gjenvinne, gjenbruke og omdanne avfall kan vi skape nye ressurser.

Også her meiner vi at svaret er eit klart ja. Og dette er ikkje berre noko vi meiner. Nyleg la Kommunerevisjonen fram ein grundig rapport som granskar i kva grad ÅRIM følgjer opp eigarane sine vedtak.

Svaret frå kommunane sitt eige kontrollorgan er heilt klart. Eigarkommunane kan ha tillit til miljøselskapet dei etablerte for åtte år sidan.

Utfordringar siste året

ÅRIM er ikkje eit selskap i stabilt sideleie. Vi får nye utfordringar kvar dag. I haust var det konkursen i RenoNorden som skapte ekstra utfordringar. Avfallsinnsamlinga for over 100.000 menneske stansa. Vi løyste det utan av kundane vart skadelidande ein einaste dag.

Noko av støyen den siste tida handlar om den nye kjeldesorteringa.

Giske syner veg

Innbyggarane i Giske kommune har starta opp – dei gjer ein flott jobb. Sjølvsagt er noko litt nytt og uvant, men vi ser at dette går seg til så snart folk har fått sett seg inn i det nye.

Rett over nyttår står Ørskog og Skodje for tur. Vi har stor tru på at innbyggarane i dei kommunane tek dette like godt som i Giske.

Vi som arbeider med dette kvar dag og samarbeider med folk frå heile landet, er trygge på at det vi no gjer er godt dokumentert og utprøvd.

Dei nye tiltaka gjer at kvar og ein får vere med på gjere ein større innsats for miljøet.

Ingeborg Ukkelberg
Kommunikasjonssjef i ÅRIM

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg. Ditt fulle navn må enten gå fram av epost-adressen eller oppgis som brukernavn/Facebook-profil

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Oppdraget til ÅRIM er ikkje å løyse renovasjonsutfordringane med gårsdagens løysingar

Ingeborg Ukkelberg

Forsiden nå:

AaFK nærmer seg en løsning:

– Skal ha ny trener før nyttår

Siste jul i Volsdalstunet:

Historisk eiendom legges ut for salg

Kristtorn fra egen hage pynter tram og stue i Volsdalstunet. Etter å ha vært i familiens eie i flere hundre år pynter Mia og Ivar M. Voldsdal til sin siste jul i tunet. På nyåret legges den historiske eiendommen ut for salg.