Pride Biletet er frå paraden i Oslo i 2017.
            (Foto: Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix)

Pride Biletet er frå paraden i Oslo i 2017.Foto: Illustrasjonsfoto: Audun Braastad / NTB scanpix

Pride-debatten:

Identitet, tru og menneskeverd

Gud har vist meg noko viktig.

Eg har no fleire dagar, lest artiklar frå Møre Pride-kritikk og svar som kjem i etterkant. Eg har sjølv tala i ulike samanhengar, vore leiar for ei menighet, og forholdt meg til slike ting. Eg har og gått vegen frå tenåring til no 46 år, med identitetsspørsmålet homo/hetero.

Eg har bestemt meg, etter å ha vurdert dette eigentleg lenge, men spesielt siste dagane, å vere ærleg med andre og meg sjølv, eg tek rett og slett sats og hoppar ut av skapet. Identifiserer meg sjølv, set namn på det … slik fleire vener har vist om meg heile tida, mens dei venta på at eg skulle seie det sjølv … ein av dei sa, når eg kom med bekjenninga: «det er då ikkje noko nytt, det har eg vist heile tida eg har kjent deg … » …. ofte har ein større vanskar med dette sjølv enn andre har …

Vanskar ja, kvifor skal det vere så vanskeleg å erkjenne, då spesielt for seg sjølv?

Det har med mykje, men no skal du som les dette få litt innsyn i mi avklaring …

Fyrste gong eg blei forelska i ein gut var eg, om eg hugsar heilt korrekt, 12 år gammal. Det var i han som sa «han viste det heile tida». (Eg torde aldri seie det til han).

Med sjølvtillit som ikkje på nokon måte låg i høgste skora, samtidig som at i 1983 var ein homo for meg noko anna enn det er i dag, torde eg derfor ikkje vedkjenne meg det, ikkje på vilkår då …

Vi hadde mange episodar vi, der vi kunne snakka om dette, men det skjedde aldri, torde ikkje … ungdomsskulen starta og gjekk, vidaregåande kom, og eg fekk mitt første kyss av ein medelev (gut). Men vi torde ikkje ta det lenger enn det, dei andre flira so …

Så trefte eg kona mi, i tenåra, vi fekk barn, eg blei kristen (heilfrelst), og fekk forbøn for desse utinga av ei legning, som eg vart fortalt eg gjekk til helvete om eg ikkje vende om frå, og Gud skulle setje meg fri. Eg aksepterte (trudde eg) det at eg skulle bli fri denne sokalla «djevelskapen …»

Åra gjekk, med fleire tilbakevendande uforløyste tankar og kjensler kring dette … bøn, undertrykking av kjensler, så blussa det opp igjen … i runde etter runde …

Langsmed dette; preiker frå talarstolen, tordentalar om forderving av sjela, helvetes fortaping, Jesus gjenkomst, og alt som gjer at ein ikkje skal arve Guds rike og då spesielt homofili … etter at pastor eller vert hadde ynskt meg velkomen, kjende eg meg ikkje nett så velkomen likevel …

I 2016, skjedde det noko … det som låg der vart vekt opp att … igjen …

Eg kom i samtale med ein homofil, som var så naturleg. Dette bildet av sexifisering, rumper, utspjåking og feminitet, stemde ikkje. Det var så mange spekter, og alle hadde eit naturleg uttrykk, frå den som hadde identiteten sin i det.

Dette heldt meg vaken fleire netter, eg hadde fått ei ny stadfesting på kven eg var og er. (nokon vil nok kalle det anfall eller angrep frå djevelen, men det er det nok ikkje …)

Det sprengte på i bringa, eg blei uroleg, slo meg ikkje lenger til ro med at dette var unaturleg …

Eg måtte vedgå det for ektemaken min, det blei mykje tårer og samtalar. Vi er einige om at vi er saman, og det skal vi vere i framtida. Men no har eg støtte frå familien, i eit spørsmål som har plaga meg heile livet. Mange vener veit om det som har plaga meg, og dei har aksept meg slik eg er.

No har eg indre harmoni, borte er sjelelege forstyrringar som gjer det vanskeleg. Eg kjenner meg heil. Eg kjenner eg får lov å leve, livet er tilbake. Sola skin på livet mitt som aldri før.

Og tru meg, eg har kjent den klamme anklaginga, påminninga om fortaping, ropet frå fordømarane av homofile, når angsten har gjort sitt inntog. Likevel, eg kjenner at Gud elskar meg, Gud har gjeve meg ei overtyding om at Han framleis brukar meg, er glad i meg, og Gud har vist meg noko viktig:

Det er ikkje kven du er som betyr noko. Gud er glad i alle, og har gjeve nåda til alle: Gåva, Jesus.

I dag i Møre, kan eg seie om meg sjølv, at eg høyrer til i LHBT (B) Eg kan ha kjærleik til begge kjønn.

Dette tør eg seie utan blygsel, kjenner at eg gler meg til Pride i Volda. Fordi eg blir kjend med fleire og fleire personar med den eine eller andre versjon av LHBT, og eg gler meg til å bli kjend med fleire.

Eg trivs med det, har det godt med det, det er ikkje ein trend, og Gud elskar meg og.

Eg er bifil, og stolt av å vere den eg er, skapt som eg er, og finn gleda i livet; som det er.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 

Eg er bifil, og stolt av å vere den eg er, og finn gleda i livet, som det er.

Trond Røyset Gustavsen
Leses nå
 

Forsiden nå:

Leserinnlegg

«Det var ikke overgrepet som var jævligst. Det var tiden etterpå. Dagene etterpå var ekstremt slitsomme, og jeg husker nesten ingenting»

Jeg satt på bussen fra Molde, og tok en uformell og lett avgjørelse med å skrive et innlegg. Om hvorfor det er utrolig vanskelig å komme ut med «seksuelt overgrepsoffer» skrevet i panna, og fortelle sin #metoo-historie.

Ikea bekrefter Ålesund-planer

Men de sier ikke mer om når eller hva de skal bygge på Moa.