Ho var nemleg åleine om å klare første brett på Extra-trekninga til Norsk Tipping denne veka.

Det gav ho ein gevinst på 470.100 kroner.

Vann meir

Men i tillegg var ho også ei av tre som fekk premie på første ramme, nærare bestemt 55.960 kroner.

Så då er til saman 526.060 kroner på veg frå speleselskapet på Hamar til Stranda-kvinna sin bankkonto.

Hos Rema

Vinnarkupongen hadde den heldige kvinna kjøpt hos Rema 1000 på Stranda, opplyser Norsk Tipping på Hamar.

Så hos Rema kjem det nok snart opp ein diplom på veggen som eit synleg bevis på at dei har fått nok ein vinnar.