– Han erkjenner ikkje straffskuld og har anka til lagmannsretten, seier advokat Torgeir Langva, som er forsvarar for mannen som er sikta i saka.

I Sunnmøre tingrett torsdag blei mannen varetektsfengsla i fire veker, med brev- og besøksforbod. Frostating lagmannsrett skal no ta stilling til spørsmålet, og ifølgje Langva er det ikkje venta noko avgjerd der før over helga.

Mannen er sikta for grov kroppskrenking etter overfall mot ei kvinne i Volda natt til søndag 3. desember.