Ifølgje politiet i Møre og Romsdal har det fredag ettermiddag vore ei trafikkulykke på Stranda der ein fotgjengar vart påkøyrd.

– Kvinne i 60-åra frå Stranda påkøyrd i gangfelt på fylkesveg 60. Kvinna er transportert til Ålesund sjukehus med ambulanse, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Skadeomfanget er ikkje kjent.

Førarkortet til føraren er inndrege sidan ulykka skjedde i eit gangfelt.

Ifølgje Helse Møre og Romsdal skal kvinna ha fått behandling på intensivavdelinga for moderate skader, men er stabil.

Smp.no følgjer saka.