I sommar døydde ein av turistane som var på besøk på øya, skriv Vestlandsnytt.

– Det er heilt klart behov for slikt utstyr her ute, og faktisk burde vi ha fått på plass to-tre hjartestartarar. Men eg trur kanskje det er kostnaden som har vore ei utfordring, seier Kaja Runde til avisa.

Turistvert er einig

Også Knut Asle Goksøyr, mangeårig turistvert på øya, meiner det avgjort burde ha vore ein hjartestartar i krinsen.

Seksjonsleiar Ørjan Lillestøl i ambulansetenesta seier til avisa at Sandsøy kan vere eit godt døme på ein mindre stad der dei har fått på plass hjartestartar, og der mange av bygdefolket er kursa til å bruke dette utstyret.