Dette seier ein uvanleg kvass og bestemt Saxe Bjørkedal (91), over ein haug teikningar ved kjøkkenbordet sitt – heime i Ålesund sin søsterby Florø. Saxe er yngste bror av den vidgjetne trebåtbyggjaren Sigurd Bjørkedal. Oppvaksen i båttradisjonen i Jakobsgarden midt i Bjørkedalen er han særs oppteken av båt og tradisjon. Han har ei mykje brukt hytte i skogkanten heime, men sitt vaksne yrkesliv har han levd som konstruksjonsingeniør ved skipsverftet i Florø.

Måtte slå alarm

– Eg vert ikkje mindre engasjert med åra, ser du! Eg har halde Sunnmørsposten sidan eg etablerte meg i Florø for to mannsaldrar sidan. Og då eg såg teikninga som ligg an til å bli nytt kommunevåpen i Ålesund nye storlandsby, ja då kunne eg ikkje anna enn å slå alarm, seier Saxe.

Stemma er intens og engasjementet tydeleg og inderleg. Utgangspunktet for indignasjonen er «våpenskjoldet» på gamle Aspøy skole i Ålesund.

– Kva er gale, teikninga av trebåten under segl ser vel fin ut?

– Detaljane gut, detaljane! Det er detaljar som ofte gjer heile skilnaden – på velstand og fiasko, insisterer produksjonsingeniøren bak tallause skip og skipsutrustningar. Mannen som har plukka skipsbord ned frå naustvegger over heile Sunnmøre, og gjenskapt dei til heile og fullskala historiebåtar.

Utkikken som ikkje ser

– Kva er det med detaljane?

– Nei, du ser, eller rettare sagt ikkje ser – mannen som skulle stå og halde utkik for høvedsmannen ved styret. Han står bak seglet, og ser ikkje det stingande støv forut – som er einaste oppgåva hans!

– Når båten kjem inn i ruskete og kanskje trongt farvatn, kva har skipperen å halde seg til då?

– Jau, akkurat like lite som rådmannen i ein ny kommune, som garantert kjem inn i slikt farvatn. Ruskevêr og storm er også garantert, og utan ein varslar med fri sikt framover og til styrbord og babord, så kollsiglar heile den nye kommunen. Garantert, forsikrar Saxe.

Livsviktige detaljar

Han meiner kommunevåpendragarane må gå rett til skrifta etter presten og historiesamlaren Hans Strøm. – Han har laga ei stram og flott teikning av båttypen fjørefar, ein eineståande farkost for si tid, vakkert med vindspenn i seglet. Men så er det at den som spinn vidare på Strøm si skisse, ein heraldisk teiknar som heiter Wold, ikkje kjenner historia fullt ut.

– Å?

– Han har plassert eit toppsegl øvst på riggen. Det fanst aldri på denne båt- og riggtype. Det kan skape overbalanse og aukar faren for kollsigling.

– Dertil har han laga eit slags grovt stag bak og ned langs kanten av ytterliket på seglet. han har sikkert gjort det i tanke om å skape ein balanse eller noko. Men – denne rariteten har aldri funnest om bord på ein rigga sunnmørsbåt, slår Saxe Bjørkedal fast.

– Men likevel – prøver vi – dette er vel eit stilistisk kommunevåpen der detaljar kjem mindre til sin rett likevel?

– Som sagt, detaljane er livsviktige under all sigling. I dette tilfellet synest eg dei diskuterer eit framifrå og samlande alternativ for kommunane som skal slå seg saman til ein ny. Desse har så avgjort kysten og det maritime felles.

– Men igjen, styringa av ein ny felleskommune kan vere kritisk og krev både presisjon, kunnskap, kløkt og historisk forankring. Sjølv har eg samhandla med såpass mange krevjande partar i skipsindustrien opp gjennom åra, at eg vil påstå at eg veit kva desse eigenskapane er verd. Det vil aldri gå av moten heller, insisterer den høgst oppegåande 91-åringen Saxe Bjørkedal.