Dette skriv Nærings- og fiskeridepartementet i ei pressemelding søndag.

– Det internasjonale råd for havforsking (ICES) trekte tidlegare i haust tilbake kvoterådet sitt på sild og dette skapte ein vanskeleg situasjon for kyststatane. Det har vore krevjande forhandlingar og eg er svært tilfreds med at partane klarde å bli einige  om totaluttaket for neste år, seier fiskeriminister Per Sandberg i pressemeldinga.

Fiskeriminister Per Sandberg (Frp). Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

Totalkvoten er sett til 435 000 tonn. På grunnlag av vidare vitskapleg arbeid i ICES, vil partane til neste år arbeide for å få på plass ein ny forvaltningsplan for silda.

Det er også inngått avtale mellom kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) om forvaltninga av kolmule for 2018. Avtalen inneber at partane er einige om ein totalkvote (TAC) på 1.387.872 tonn i tråd med tilrådinga frå havforskarane.

– Partane er framleis ikkje einige om andelsfordelinga verken på norsk vårgytande sild eller kolmule. Dette er beklageleg, seier fiskeriministeren, men vi vil fortsetje arbeidet med å kome fram til ei fordeling som alle partar kan leve med.

– I denne situasjonen er eg tilfreds med at Noreg og EU har inngått ein bilateral avtale om fiske i kvarandre sine soner som sikrar Noreg høve til å fiske 227.975 tonn kolmule i EU-sona. Dette kjem i tillegg til det som er avtalt i den vanlege bilaterale avtalen mellom Noreg og EU. Som motyting får EU høve til å fiske 25.487 tonn norsk vårgytande sild  i norske farvatn. No som forhandlingane er avslutta vil vi starte arbeidet med dei norske reguleringane og kvotane for 2018, og dei blir fastsett på normal måte før jul,  avsluttar Sandberg.