Knut Gjengedal er utdanna prest, men er no i full sving med motorsag i det langstrekte hogstfeltet langs Elvadalen i Volda. Han har møtt problem som gjer at han for tida ikkje kan vere i ordinært arbeid. Men i arbeidsfellesskapet Styrk Arbeid i regi av Volda kommune fann han noko skikkeleg meiningsfullt å gripe fatt i.

– Skogen varmar lenge før han blir til ved?

– Ja visst, minst fire gonger har eg rekna ut, smiler Gjengedal. Han er svært godt nøgd med å vere del av ein aktiv arbeidsgjeng, som ikkje minst får røyne seg fysisk i eit godt fellesskap. – Ja, dette set eg veldig pris på, seier Gjengedal.

Fekk låne utstyr

Mannen som fekk i gang prosjektet er Styrk-arbeidsleiar og kommunepolitikar Odd Harald Sundal (Sp). Han diskuterte lenge med tidlegare skogbrukssjef Roger Nedreklepp korleis dei best kunne gripe an prosjektet reint praktisk, og samtidig få ut statlege tilskotsmidlar til som er avsette til rydding.

– Vi fekk innvilga 210.000 kroner, stipulert til 70 prosent av kostnaden med skoginga.

– Dette ville likevel ikkje rekke særleg langt, ettersom vi måtte ha dyrt utstyr som flishoggar og liknande. Men også dette vart smidig ordna innanfor kommunen, etter at eg tok kontakt med Malvin Kile i teknisk sektor. Han var meir enn velvillig til at vi kunne få låne sesongutstyret som dei elles brukar mest om sommaren. Dermed var vi i gong, fortel Sundal.

Opnar vakkert landskap

Han fortel vidare at prosjektet er tredelt. Først vart det rydda utsikt i til dels særs bratt terreng nord for Volda sentrum. No er det midtre Elvadalen, før neste etappe endar ved fotballstadion ved Rotevatnet. Heile vegen opp dalen er det etablert vakker natursti, som lenge har lege i skuggen av ein kompakt grøn vegg av skog.

– Eg har sete ved kjøkkenbodet til heile 16 grunneigarar for å få løyve til skogfellinga. Der har ikkje vore eitt nei, så velviljen til dette prosjektet lokalt er mildt sagt stor, konstaterer Odd Harald Sundal. Ein av siste dagane fekk han vite at prosjektet vert sett pris på heilt til topps i kommunen. Stryk-prosjektet får nemleg i dag torsdag Volda kommune sin innovasjonspris for skogstiltaket sitt.

Ordførar Jørgen Amdam (Ap) seier det er høgst på sin plass.

– Dette prosjektet syner dagleg att for oss voldingane, og ikkje minst for tilreisande, rosar ordføraren.

Medan saga til Jon Inge Bjørdal lagar ei sponsky, lagar Knut Gjengedal frostrøyk, før også han høgg seg inn i nøye utblinka tre i Elvadalen. Foto: Knut Arne Aarset
Straks trea er felte, dukkar den gruslagde turvegen langs i Øyraelva opp att frå den tidlegare urskogen her. Alle har gått eige sikkerheitskurs. Foto: Knut Arne Aarset
Nyleg avdøde Olav T. Vassbotn planta i si tid tretten morelltre langs vegen gjennom Elvadalen. No vinn desse fram att, etter kamp mot villskogen her. Foto: Knut Arne Aarset