Ordfører Lena Landsverk Sande (V) og heile kommunestyret i Vanylven står bak nominasjonen av rådmann Andreas Chr. Nørve til Årets kommuneprofil.

No er det klart at Nørve fekk flest stemmer blant Kommunal Rapport sine lesarar og kan smykke seg med tittelen Årets kommuneprofil.

Nørve vil bli heidra på ein konferanse på Gardermoen torsdag.

I nominasjonen skreiv politikarane blant anna at Nørve er ein rådmann med stort engasjement. Han er kunnskapsrik og har brei kompetanse. Dei trekkjer også fram at han er innovativ og ikkje er redd for å prøve noko nytt. Dei meiner også han finn løysingar som kanskje ikkje har vore prøvd andre stader. Og fleire gongar har dette gitt resultat.

Politikarane trekte også fram at han er kreativ, fleksibel. Han har sterkt fokus på målstyring, men gløymer ikkje menneska bak tala.

Vanylven-rådmannen vann i konkurranse med Anne Marie Eliassen som har leia eit prosjekt med å digitalisere saks- og arkivsystemet i seks grenlandskommunar, ifølgje Kommunal Rapport.