UP hadde fartskontroll på E39 ved Liadal i Ørsta. Det er 60-sone på staden, og tolv bilførarar hadde for høg fart og fekk forenkla førelegg.

Høgaste fart heldt ein bilførar som køyrde i 107 km/t  i 60-sona.

Dette kvalifiserer til førarkortbeslag, og bilføraren blir meld til politiet, ifølgje Twitter-meldinga frå Møre og Romsdal politidistrikt.

Også i Myrvåg melder politiet om kontroll. Her blei 126 kontrollerte og hadde alt i orden.

Fleire reaksjonar i tungbilkontroll

Også Statens vegvesen sine folk var ute på kontroll onsdag ettermiddag og kveld. På Kjøs bru i Hornindal blei ein sjåfør meld for brot på køyre og kviletida då han ikkje kunne framvise diagramskiver for køyre og kviletida.

Det blei også delt ut eitt gebyr for manglende kjetting og eitt gebyr for manglende dokumentasjon for yrkessjåførkompetanse.

Dessutan blei det delt ut ei åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida. Ein annan fekk skrifteleg mangel for tekniske feil på køyretøyet.

Ein lastebil mangla også løyve for å drive godstransport og fekk ikkje køyre vidare før løyvet var framskaffa.