Den er av samme type som er planlagt over Julsundet. Brua mellom Svarstad og Frøholm blir nær 1,8 km lang – nesten 400 meter lenger enn Hardangerbrua.

Statens vegvesen har i løpet av det siste året jobba vidare med veglinjer og bruløysing, etter at prosjektet E39 Byrkjelo-Grodås hadde planoppstart i fjor vår. Planlegginga går framover, melder vegvesenet.

Stor hengebru

–  Vi har mellom anna jobba med konkrete løysingar for den store hengebrua over Nordfjorden. På grunn av større lengde og dermed auka krav til stabilitet, vil sjølve brukassen bli breiare enn Hardangerbrua. Det betyr at vi får fire køyrefelt over brua, med forbikøyringsfelt. Det vil òg vere mogleg å få til ei kryssløysing på nordsida av fjorden, seier planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde i Statens vegvesen i ei pressemelding.

Seglingshøgde på 75 meter

Brua er visualisert ut frå vegmodellane og bruteikningane, og 3D-modell av brua er kopla saman med nye flyfoto av området. Illustrasjonane gir eit godt inntrykk av korleis brua vil bli sjåande ut i landskapet. Brua får ei seglingshøgde på 75 meter, og på begge sider av fjorden går vegen direkte frå brua og inn i tunnel.

Planlagt brufundament på sørsida av fjorden står på dagens fylkesveg 60, og når prosjektet blir bygd, vil fylkesvegen bli lagt inn i ein tunnel bak brutårnet. Brutårna vil få ei høgde på rundt 250 meter, og hovudspennet blir i overkant av 1,5 km langt.

Nye tunnelar og vegar

Eit stort arbeid er også gjort med planlegging av tunnelar og veg i dagen i Byrkjelo, Utvik, Innvik, Markane og Hornindal. Desse løysingane vil bli presenterte seinare.

Den nye E39-strekninga mellom Byrkjelo og Grodås vil halvere lengda på strekninga, og korte ned reisetida til under det halve. Forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing skal etter planen leggjast ut til offentleg ettersyn på forsommaren 2018, slik at planen kan vedtakast i dei tre kommunane vinteren 18/19.

Foto: Statens vegvesen