Oppdatering: Laurdag ettermiddag skriv Jørn på Facebook at målet om 200 mil no er nådd:

– Etter at Sunnmørsposten skreiv at eg hadde gått 200 mil, måtte eg berre fullføre det. Og gjett om eg skal ruge på den karamellen, eller suge på dei laurbæra eller kva det heiter, skriv han - og varslar at det blir fleire turar, men at han vil slappe av resten av dagen.

I fjor vinter tok livet ei dramatisk vending for Jørn Brendefur (41) i Hornindal. Han heldt på å fryse i hel, etter at han midt på kaldaste natta denne vinteren ramla på isen utanfor døra der han bur. Først om morgonen blei han funnen. Han sat ute berre i bukse og t-skjorte, og hår og skjegg var rimfrose.

– Augo var opne, men kroppen var heilt stiv. Han laga lydar, så vi skjønte det var liv, men etter kvart forstod vi kor alvorleg det var. Det er utruleg kort mellom liv og død, og Jørn har hatt utruleg flaks, seier kameraten Anders Hjellbakk som fann Jørn sitjande stivfrosen oppetter veggen denne morgonen 14. februar 2016.

Uflaks

Kvelden før hadde dei begge vore i 50-årskalas og hatt ein kjekk fest saman med gode vener i Honndalshallen. Jørn hadde drukke eit par øl denne kvelden, men det var glatte småsko – og ein stor porsjon uflaks, som førte til det fatale fallet.

– Det var litt hastverk før eg skulle fare. Difor tok eg desse skorne. Eg hadde sett isen utanfor huset før på dag og tenkt at eg skulle ta ein spade og få han vekk, men akkurat då fekk eg ein telefon. Og dermed fekk eg ikkje gjort det. Det er mange tilfeldigheiter her, seier Jørn i dag.

Hadde han berre gått tilbake og henta med seg ytterjakka som hang i garderoben, kunne også mykje vore annleis. Sidan han skulle tilbake neste dag og hjelpe til med å rydde opp, så tenkte han at jakka berre kunne henge. Men det nyttar ikkje å tenkje på alt som kunne vore gjort annleis. Oppi all uflaksen hadde han også flaks. Det er ingen tvil om at marginane var på hans side då uhellet var ute.

Frosen fast i bakken

Jørn slo ikkje hovudet i fallet, men olbogen fekk seg ein skikkeleg smell. Huda blei flerra av, og smertene han fekk av slaget gjorde at han svima av.

– Eg kan hugse at eg vakna og sat med olbogen ned på trappa. Eg kjende det var låkt og eg klarte ikkje å bevege handa. Eg prøvde å rope, men svima av. Det neste eg hugsar er at det var stemmer rundt meg.

Husverten og kameraten Anders Hjellbakk og familien bur i huset like ved. Til alt hell skulle bonden bra tidleg i fjøsen denne morgonen, og i grevens tid kom han ut og såg at Jørn trengde hjelp. Han fekk tak i kona si, Einfrid, og saman prøvde dei å få den forfrosne kameraten i hus. Jørn kunne ikkje lee på armar eller bein. Eine handa var frosten fast i bakken og grusen hang igjen då dei fekk lyfta han inn i huset. Dei prøvde å legge han ned, men det var ikkje råd. Difor blei han sitjande.

– Seinare har eg fått vite at det var bra dei ikkje klarte å strekke meg ut. Då hadde «isblodet» begynt å sirkulere og eg ville ha døydd, fortel Jørn roleg, og takknemleg.

Temperatur på 28,6 grader

Då ambulansen kom fram, blei kroppstemperaturen hans målt til 28,6 grader. Kameraten, og broren som var blitt bodsend, fekk vite at det ikkje var sikkert at dei ville klare å redde Jørn.

Han blei sendt med helikopter til Førde, og med god hjelp blei han berga. Helikopterlegen var seinare innom sjukehuset og sa at han ikkje hadde hatt ei einaste måling som tilsa at Jørn ville overleve. På sjukehuset fekk han også vite at han ikkje hadde overlevd om promillen hadde vore høg denne kvelden.

Undervegs i det to veker lange sjukehusopphaldet var det nummeret før heile handa måtte amputerast, og nyrene heldt på å svikte. Ein dag svikta også synet. Alt blei stadig gråare, før han til slutt var heilt blind. Heldigvis kom synet tilbake. Sannsynlegvis var det «isblod» i hender og føter som begynte å sirkulere og slo ut synsfeltet i hjernen.

Fingrane var stive og han hadde berre klogrep. Store frostskadar gjorde at han ikkje klarte å stå på beina.

– Det var skremmande å ikkje kjenne noko nedanfor knea, hugsar han i dag.

Etter nokre dagar fekk Jørn beskjed om at han skulle heim, trass i at han var sterkt skada og hadde vanskar med å klare seg.

– Eg hadde kateter og kunne gå berre med «preikestol» og to pleiarar som hjelpte meg. Eg hadde null balanse. Korleis skulle eg klare meg heime åleine? Ein ung sjukepleiar redda meg. Ho sa det var galskap å sende meg heim. Eg måtte på opptrening, fortel Jørn som er takknemleg for sjukepleiaren sitt engasjement for å skaffe han plass for rehabilitering.

På Åstveit i Bergen fekk han kome til straks, og han var der i åtte veker.

– Eg måtte lære å gå på nytt igjen, seier Jørn som har følgt fysioterapeuten sitt råd om ikkje å gi opp.

Han trena med fysioterapeut og ergoterapeut, og ikkje minst med eigentrening. Så snart han fekk frie tøylar for trening, trena han heile dagen, frå ni om morgonen til ti om kvelden.

– Då eg kom til Åstveit og såg korleis andre hadde det, tenkte eg at det eg opplevde var bagatellar i forhold, seier Jørn.

Drakk kaffi med sugerøyr

Sjølv klarte han ikkje å halde ein kaffikopp, men drakk kaffi med sugerøyr. Ergoterapeuten hadde eit puslespel som ho tømte utover på bordet.

– Eg tenkte at dette var ei barneleike, men klarte ikkje å setje det saman, for eg hadde ikkje kjensle i fingrane. Då var eg på grensa til samanbrot. Det gjekk opp for meg at dette ikkje var nokon spøk, men blodig alvor. Eg fekk ein skikkeleg vekkar, fortel Jørn som i timane etterpå blei meir konsentrert.

Siste timen med ergoterapeuten kom puslespelet fram igjen.

– Eg sa at dette klarer eg ikkje, men eg klarte det. Og då begynte ho å grine, smiler Jørn.

Treninga hadde gitt resultat, men for Jørn har det vore ein lang veg å gå, bokstaveleg talt, også etter at han kom heim.

Har gått to Oslo-turar

Så langt i år har han lagt bak seg imponerande mange kilometer. I desse dagar passerer han 200 mil – to gongar til Oslo og tilbake. Turane har han stort sett gått i nærområdet.

– Etter at eg vart vaksen hadde eg knapt gått ein fjelltur, før dette hende, fortel den ivrige turgåaren, som går stort sett kvar dag, anten det er sol, høljregn eller snøkave.

Kompisane Olav Sverre Gausemel og Vegard Notøy har drege han med på mange fjellturar og motivert han. Det begynte med kortaste turane på fjelltrimmen i Hornindal. Til slutt hadde Jørn alle toppane, før han avslutta med sjølvaste Hornindalsrokken:

– Det var i grenseland. Eg var i mykje dårlegare form enn eg er no. Og det var ikkje noko kjekt i fjellsida når eg ikkje kjende kva eg steig på.

Jørn brukte sommaren i fjor på å gå Supertrimmen, som er alle postane i fjelltrimmen. Etter at han var ferdig tok han Supertrimmen ein gong til – på fem dagar!

– Pulsklokka er ein super motivator. Eg går for kilometerane og ikkje for tida. Tida bryr eg meg ikkje om. Når eg går, så slappar eg av og koplar heilt ut. Det er terapi i å gå. Då får eg også reinska hovudet, seier han og legg ikkje skjul på at det han har vore gjennom også har vore ei tøff psykisk belastning.

Jørn har gjort faglege spådommar til skamme. Ein lege sa at motorsykkel ville han aldri meir klare å køyre, men alt i fjor haust køyrde han ein kort tur. I sommar tok han første langturen.

– Då køyrde vi til Lidköping i Sverige første dagen, ei strekning på 102,5 mil. Det hadde eg ikkje klart før, seier Jørn og forklarer bragda med at han er i langt betre fysisk form enn før.

– Kva tenkjer du i dag om det som hende deg?

– På ein måte har dette vore positivt for meg, i forhold til korleis eg levde før. Eg har teke av 25 kilo og har aldri vore i så bra form som no. Eg har nokre små skavankar, litt dårleg balanse og litt dårleg kjensle i fotblad og fingrar. Finmotorikken er ikkje på topp, men det kan eg leve med, seier han og håpar å bli endå betre, men han må vere tolmodig.

Etter sommaren i fjor var Jørn klar for å spele baryton i Hornindal musikkorps igjen.

– På raske melodiar får eg ikkje fingrane til å gå fort nok, men dette skal bli bra igjen på litt sikt.

Tek lastebillappen

Jørn har mykje å glede seg over. Ikkje minst blir det spennande å bli far for første gong til våren. Og han føler at han no er komen på rett hylle jobbmessig. I 18 år jobba han på Ekornes-fabrikken i Hornindal. Då ulukka hende var han sjukmeld på grunn av slitasje i ryggen, noko som han meiner delvis skuldast at han ikkje var oppteken av å halde seg i fysisk form. No er han i gang med omskolering og skal ta førarkort for lastebil. Han har vore på jobbutprøving i Volda Maskin, ein jobb han stortreivst med. Målet er å få fast jobb der.

Kompisen Anders er imponert over korleis Jørn har takla rehabiliteringa:

– Han har hatt ei fantastisk gjenreising. Det kjekke er at det kom noko positivt ut av det som skjedde.

Jørn takkar gode kompisar og familie for støtte og motivasjon. Og han trekkjer fram fysioterapeut Are Njøten som ein viktig motivator.

– Det har vore periodar der eg har følt det har stagnert og ikkje noko har skjedd. Då har Are lyfta meg opp. Han har forklart kor alvorleg skade eg har hatt og kor fantastisk bra det eigentleg går, fortel Jørn.

Njøten på si side er imponert over Jørn sin stå-på-vilje.

– Han har ein eigen vilje og har verkeleg vist gjennomføringskraft, seier Njøten som ser at ulukka førte til at Jørn vakna i forhold til å endre livsstil.

– Kva har vilje og eigeninnsats å seie for rehabilitering?

– Det har alt å seie. Eg har mange pasientar som er i andre situasjonar, slagramma og med andre skader, og eg ser at viss dei ikkje har vilje og stå-på-evne sjølv, så er det ein tung motbakke. Jørn hadde bestemt seg og har gått steg for steg. Han har hatt eit stort mål der framme og sett seg små mål undervegs, seier Njøten.

Det var han som oppmoda Jørn om å bruke Facebook og skrive rapport frå turane.

– Det er mykje negativt snakk om sosiale media, men for meg har det berre vore positivt. Det har vore veldig motiverande. Eg tek bilde på kvar tur og får mange tilbakemeldingar. Og eg er glad for å bu her eg bur. Folk eg nesten ikkje kjenner kjem og gir meg ein klem. Det er kjekt og ein motivasjonsfaktor i seg sjølv, smiler Jørn.

Jørn Brendefur er ute på sin daglege tur for å nå målet om 2000 kilometer i år. Målet blir nådd i desse dagar. Tre fjerdedelar av turane har han gått i fjell, skog og mark. Resten er på asfalterte vegar. Foto: Anne-Mari Tomasgard
I vaksen alder hadde Jørn knapt vore på ein fjelltur, men etter ulukka har han vore på mange spektakulære fjellturar, som her på Hornindalsrokken. Foto: Privat
I berre skjorteermane blei Jørn liggande utanfor inngangsdøra. Skaden han fekk i olbogen gjorde at han svima av og ikkje kom seg inn i huset. Foto: Privat
Fingrane fekk store frostskadar etter sju timar i minusgrader på snøen. Finmotorikken er enno ikkje heilt på plass, men blir med trening stadig betre. Foto: Privat
– Du kjem aldri meir til å kunne køyre motorsykkel, var den harde beskjeden frå legen. Jørn gjorde raskt spådommen til skamme. Her frå ein tur med nevøen i Norangsdalen. Foto: Privat