I eit brev til kundane varslar Mørenett at dei vil auke nettleiga med 2,5 øre per kWh frå nyttår.

- Hovudårsaka til prisendringa er at Statnett SF har auka nettleiga som Mørenett betalar for tilknyting med  31 prosent i 2018. Dette grunna store investeringsbehov i sentralnettet, heiter det.

For ein kunde med gjennomsnittsforbruk på 20.000 kWh i året utgjer prisauken 565 kroner per år.