Etter ein vellykka testperiode med mykje læring, er Ekornes klare til å trappe opp volumet med kvilestolar, sofaer og andre møblar som blir skipa ut frå fabrikken i Sykkylven.

Det siste dryge året er gods tilsvarande meir enn 400 trailerlass lossa om bord i skip for å ta sjøvegen til Europa.

To gonger i veka

Det heile starta med ei erkjenning om at møbelfabrikken eigentleg ikkje hadde nokon geografiske konkurranse-fortrinn med tanke på plasseringa i Sykkylvsfjorden – utover at dei var omgitt av vakker natur. Men dei hadde tilgang til sjøen – og ein teori om at dette måtte vere mogleg å utnytte.

– Vi sette oss ned for å rekne på om vi kunne føre fram varer til kundane i Europa med skip, og fann ut at vi kunne ta mesteparten via sjøfrakt. Å putte alt på sjøen ville vore økonomisk gunstig og meir miljøvennleg, men då ville vi vore for sårbare, forklarer Østrem.

No går det skip to gonger i veka med møblar frå Ikornnes sørover langs kysten og det er eit ønskje om å auke til tre gonger i veka i travle periodar.

Møblane blir skipa til Rotterdam som er eit sentralt knutepunkt for sjøtransport i Europa.

(saka held fram under)

Kan spare 10 millionar årleg

Ekornes fann ut at dei ikkje kunne risikere at vêrforhold eller andre problem som kan oppstå med eit skip, stansa all transport ut til kontinentet. Løysinga blei difor å kombinere frakt på sjø og vogntog med ein 70/30-fordeling.

– Det sikrar oss den kapasiteten vi treng om noko skulle oppstå med skipstransporten, seier Østrem.

Ekornes har rekna seg fram til at dei har potensial til å spare kring 10 millionar årleg på løysinga. I tillegg til miljøgevinst og mindre belastning for lokalsamfunna langs vegen, er det også andre fordelar.

– Sjølve sjøtransporten tek lengre tid enn vogntog, men vi har funne måtar å kompensere dette på, seier han.

(saka held fram under)

Samarbeid avgjerande

Sentralt for suksessen har vore samarbeid internt, og å finne dei rette eksterne samarbeidspartnarane.

– Det handlar i høgste grad om samarbeid og ingen klarer å gjere dette åleine. Leverandøren må også bli ein partnar. Vi gav dei informasjonen dei trengde, men bad samstundes om forslag. Då fekk vi andre type løysingar på bordet. Det krev at vi koordinerer med kundar, leverandørar og eigen produksjon, seier prosjektleiaren.

Les også:

Transportør sterkt kritisk til økte ferjepriser

Sjølstyrt skip designa på Sunnmøre skal erstatte 120 vogntog dagleg (for abonnentar)

– Sjøtransport kan være løsningen for Campus Ålesund (for abonnentar)

For Ekornes er det avgjerande at dei har varer som kjem andre vegen via import frå Sør-Amerika og fabrikk i Asia.

– At vi kombinerte eksport og import gjorde at sjøtransport blei gunstig. Om vi ikkje hadde teke med all den internasjonale sjøfrakten, ville dette aldri vore eit alternativ, seier Østrem.

Sporar møblane heile vegen

Eit anna viktig verktøy for Ekornes er å spore møblane, slik at dei til ein kvar tid har oversikt:

– Vi har vore nøydd til å tenke frå ende til ende i verdikjeda. Det har gitt oss ei forståing av kva som skjer heile vegen, og korleis vi kan justere. Slik kan vi også gjere faktabaserte diskusjonar, seier Østrem.

Han seier andre krav frå kundane legg føringar. I dag er det gjerne høgre forventingar til leveringstid og lågare terskel for at noko kan gå gale.