Politiet melder at to fulle menn ikkje fekk vere med flyet frå Vigra til Gdansk søndag kveld.

– Begge vart avvist då dei var svært rusa, skriv Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.

Dei to var polsk statsborgarskap, får Sunnmørsposten opplyst hos politiet.

Det var personell på flyplassen som avviste dei to mennene.

Og i tillegg venta eit møte med politiet.

Men flytur - det måtte dei to altså sjå langt etter denne søndagskvelden.