Kystreiarlaga meiner det framleis leggast for mykje til rette for bruk av lastebil.

Avgift favoriserer bilbruk

Borge viser til statsbudsjettet med auke i CO2-avgift på diesel for transport – samstundes som vegbruksavgifta for tungtransport blir sett ned – som eit døme på at politiske avgjersler får utilsikta konsekvensar.

– Summen blir at lastebilen får avgiftslette, medan sjøtransporten får ei auke. Det stemmer ikkje med kva politikarane seier og slik har det vore i mange år. Det sterkaste verkemiddelet er vegprising – og det tør ingen politikarar gjere, meiner Borge.

Han meiner ein burde få meir overordna styring med korleis sjøtransporten blir gjort, etter mal av Avinor – som har ansvaret for lufttransporten:

– Sjøtransporten er den einaste nasjonale transportforma som ikkje har ei overordna statleg styring. Her meiner vi Kystverket bør få ei større rolle.

Større potensial?

Organisasjonen for reiarlaga langs kysten meiner det er for tidleg å seie sikkert korleis ei støtteordning som blei innført tidlegare i år, vil fungere.

– Det ser oppløftande ut på den måten at det blir hevda at ei støtte på knappe 100 millionar kroner til reiarlag, skal klare å overføre 2,7 millionar tonn. Slik sett må den kunne seiast å vere treffsikker, seier Borge.

Les også: Reiarlag får tilskott til sjøtransport

Meiner støtteordning bommar

Stian Østrem som har hatt ansvaret for å overføre møblar frå Ekornes tilsvarande 400 trailerlass til skip, meiner støtteordninga frå regjeringa bommar. At reiarlag får støtte – men ikkje produsentane av varer – for å overføre gods frå veg til sjø, meiner han er ei «gedigen skuffelse».

– Eg meiner ordninga er misforstått. Det er bedriftene som har moglegheit til å skaffe mengda varer til å gjennomføre dette, og som har kostnadar til analysar og gjennomføring. No fryktar eg at ordninga vil betale store beløp til ei ordning det ikkje kjem stort ut av. Det handlar om meir enn bil, båt og tog – det handlar om heile framføringa av varene frå A-Å og at dette skal vere ei miljøvennleg og lønnsam løysing over tid.

Tor Arne Borge i Kystrederiene er samd i at dei som produserer varer bør få økonomiske gulrøter – i tillegg til dagens ordning med støtte til reiarlag.

– Vi er i gong med ei undersøking av konsekvensane av å flytte transport av fisk frå Hitra til Tyskland, frå vogntog til skip. Den viser stor samfunnsøkonomisk gevinst, påpeiker han.

Stor politisk interesse

Prøveprosjektet i Ekornes som Sunnmørsposten omtala i måndagens avis, har vist at det er mogleg å flytte frakt av møblar tilsvarande 630 vogntog årleg til skip.

Erfaringane har vist at sjøfrakt er billigare, tryggare og meir miljøvennleg – til trass for at transporten tek lengre tid.

– Vi har merka stor interesse frå politisk hald om kva vi held på med. Men vi har ikkje hatt konkrete førespurnader frå bedrifter som har ønskja å bruke kaia, fortel Østrem og er ein smule overraska over det siste:

– Eg trur det er mange bedrifter som er i same konkurransesituasjon som oss, som kunne ha nytte av å sjå på dette.

Viktig veg smuldrar opp: Ingen asfalt til elendig eksportveg i Hornindal (for abonnentar)

Transportør må ut med millioner for økte ferjepriser

Sjølstyrt skip designa på Sunnmøre skal erstatte 120 vogntog dagleg (for abonnentar)

– Sjøtransport kan være løsningen for Campus Ålesund (for abonnentar)

– Vi ønskjer oss eit «Havinor» og her meiner vi at Kystverket bør få den sentrale rolla, seier administrerande direktør Tor Arne Borge i Kystrederiene. Foto: Kystrederiene Foto: Kystrederiene